Verktøylinje
Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova)
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Privatskolelova - prskol
-
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova (§§ 1-1 - 1-5)
- § 1-1. Formålet med lova
- § 1-2. Verkeområdet
- § 1-3. Definisjonar
- § 1-4. (Oppheva)
- § 1-5. (Oppheva)
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova)
Overskriften endra ved lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701). – Jf. lov 17 juli 1998 nr. 61. – Jf. tidlegare lover 13 juni 1969 nr. 24 § 14, 6 mars 1970 nr. 4, 14 juni 1985 nr. 73 (sjå lova her § 8-1). Tittel endra ved lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997).
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
§ 1-1.Formålet med lova
Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast private skolar, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. menneskerettsloven § 2 nr. 2.
Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova her, skal ta sikte på:
Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
§ 1-2.Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskot for private grunnskolar og private vidaregåande skolar og vilkår for å få slikt tilskot. Lova kapittel 6A gjeld godkjenning med rett til statstilskot for diverse skolar som gir yrkesretta opplæring, og vilkår for å få slikt tilskot. Lova elles gjeld ikkje for slike skolar.
Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av folkehøyskoleloven, fagskoleloven eller voksenopplæringsloven, eller som driv verksemda si etter opplæringslova § 22-1. Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.
Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester med unntak av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning i samsvar med § 3-4 a.
§ 1-3.Definisjonar
Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret for grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 28-1 eller den fylkeskommunen som har ansvaret for den vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 28-2.
Med vertskommune og vertsfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen der privatskolen ligg.
Med skole i denne lova er det meint private skolar som er godkjent etter § 2-1. Med skole i kapittel 6A er det meint diverse skolar som gir yrkesretta opplæring godkjent etter § 6A-1.
§ 1-4.(Oppheva)
§ 1-5.(Oppheva)
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
§ 2-1.Godkjenning av skolar
Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:
Med særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.
Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.
Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.
Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.
Departementet kan gi forskrift om fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar.
§ 2-2.Krav til verksemda til skolen
Skolen kan ikkje drive eller eige anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak som tillet at skolane kan drive eller eige tilleggsverksemd som er nært knytt til skoleverksemda, og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda. Departementet kan gi forskrift eller fastsetje enkeltvedtak om bruk av inntekter frå skoleverksemd og tillate tilleggsverksemd.
Skolen må vere registrert i Einingsregisteret, jf. enhetsregisterloven, eller i tilsvarande register, før det blir søkt om godkjenning. Skolen må seinast til same tid dokumentere at han har ein innskotskapital på minimum kroner 100 000.
Grunnskolar som har både barne- og ungdomstrinn, skal vere organisert i same rettssubjekt.
Dersom ein skole har færre enn 15 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort. For norske skolar i utlandet gjeld ei tilsvarande minimumsgrense på 10 elevar. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå minimumskrava til elevtal. Skolar som berre driv verksemd etter § 2-1 bokstav g, er ikkje omfatta av minimumskrava til elevtal.
Skolen skal ha vedtekter. Vedtektene skal angje at alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode, jf. § 6-3.
§ 2-3.Krav til innhald i opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolane skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 1-4. Elles har skolen sin undervisningsfridom. I samband med godkjenning fastset departementet kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet. Departementet kan gi forskrift om krav til læreplanen.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særskilt språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak frå kroppsøving i den vidaregåande skolen.
I grunnskolen kan opp til ti prosent av timane i kvart fag flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar. Styret fastset fag- og timefordeling for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag kjem fram.
§ 2-3 a.Vurdering og dokumentasjon
Elevane har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane på 1. til 7. trinn skal ha individuell vurdering utan karakterar. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.
§ 2-4.Krav til skoleanlegg og skolemiljø
Skoleanlegga skal vere godkjende av departementet. Anlegga skal liggje samla.
Opplæringslova kapittel 12 om elevane sitt skolemiljø og § 13-2 om skolebyte gjeld for skolar godkjende etter lova her. I saker om skolebyte er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 12-7 om det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 13-2 om skolebyte.
Når kapittel 12 viser til «kommunen og fylkeskommunen», skal dette lesast som «skolen» i §§ 12-6 tredje og fjerde ledd, 12-8, 12-9 og 12-10, og som «skolens styre» i §§ 12-4 andre ledd og 12-5. Når kapittel 12 viser til «rektor» skal det lesast som «dagleg leiar», jf. § 4-1 andre ledd.
§ 2-5.Forsøksverksemd
Etter søknad frå skolen, eller etter eige initiativ, kan departementet gjere tidsavgrensa unntak frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka skal vere etisk forsvarlege, godt fagleg underbygde, og ikkje svekkje elevane sine grunnleggjande rettar etter opplæringslova og privatskolelova. Forsøka skal evaluerast og rapporterast.
Kapittel 3. Elevane
§ 3-1.Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 2-1 og § 5-1 første ledd. Dette gjeld også skolar i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.
Dei vidaregåande skolane kan ta inn vaksne søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4. Ved inntak til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første ledd prioriterast før vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4. Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande skole. Departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande skolar. Forskrifta kan mellom anna innehalde reglar om krava til inntak og om unntak frå krava i andre og fjerde punktum.
Norske vidaregåande skolar i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.
§ 3-2.Rett og plikt til opplæring
Elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-2 første og andre ledd.
Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 5-1 første og andre ledd, § 5-5, § 5-7 første ledd, § 5-9, § 18-3 første ledd og § 18-4.
§ 3-3.Skolegangen
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend.
Opplæringslova § 2-2 tredje ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og § 2-4 om utsett og tidleg skolestart gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 5-5 om omval gjeld for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.
§ 3-4.Inndeling av elevar i klassar og grupper
Skolen skal sørgje for at kvar elev høyrer til éin klasse og har så mykje opplæringstid i klassen at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal setjast saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse og respekt for kvarandre.
Ingen klassar eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.
Elevane kan delast inn i grupper etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Elevane kan berre delast inn i grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.
Skolen skal sørgje for at alle elevar har ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen.
§ 3-4 a.Fjernundervisning
Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle.
Elevane skal få fjernundervisning på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også få unntak etter avtale med rektor.
Fjernundervisninga skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.
Skolen skal godtgjere at vilkåra i denne paragrafen er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning. Departementet kan også gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.
§ 3-4 b.Tilpassa opplæring
Skolen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine.
§ 3-4 c.Tilfredsstillande utbytte av opplæringa
Skolen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til dagleg leiar dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak, jf. § 3-4 b og § 3-4 d.
Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i opplæringslova §§ 11-4, 11-5 og 11-6, jf. § 3-6.
§ 3-4 d.Intensiv opplæring på 1.-4. trinn
På 1. til 4. trinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
§ 3-5.Særskild språkopplæring
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Heimkommunen eller heimfylket skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Heimkommunen eller heimfylket kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæring i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til særskild språkopplæring. Departementet er klageinstans.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.
§ 3-5 a.Innføringsopplæring for elevar som har budd kort tid i Noreg
Heimkommunen eller heimfylket kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde skolar. Heimkommunen eller heimfylket kan berre gi slik innføringsopplæring dersom eleven eller foreldra samtykkjer.
Heimkommunen eller heimfylket kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og fag- og timefordelinga.
Private skolar kan gi innføringsopplæring når det ligg føre vedtak frå heimkommunen eller heimfylket om slik organisering og om at skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Skolar som vil gi innføringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka før denne gjer vedtak.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.
§ 3-6.Individuell tilrettelegging
Elevar i privatskolar godkjende etter lova her har same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skolar. Reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-11 gjeld tilsvarande for privatskolar.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6, jf. § 11-7. Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til individuell tilrettelegging etter reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6 i private skolar på lik linje med offentlege skolar. Vedtak om dekning av utgifter til individuell tilrettelegging er eit enkeltvedtak. Berekninga av midlar til individuelt tilrettelagd opplæring skal vere relatert til talet elevar med individuelt tilrettelagd opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kva kommune eller fylkeskommune som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om individuell tilrettelegging.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om individuell tilrettelegging.
§ 3-6a.Samarbeid og samordning
Skolen skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Skolen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at skolen og dei andre tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Når det er nødvendig for å vareta ansvaret etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.
Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
§ 3-6 b.(Oppheva)
§ 3-7.Rett til skyss, reisefølgje og tilsyn
Elevar i private grunnskolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 4-1 og rett til reisefølgje og tilsyn etter reglane i opplæringslova § 4-2. Opplæringslova § 4-3 første, andre og tredje ledd gjeld for elevar i private grunnskolar. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur.
Elevar i private vidaregåande skolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 9-1 om skyss for elevar i vidaregåande skole og § 9-2 om reisefølgje og tilsyn for elevar i vidaregåande skole. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 28-7. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Heimfylket er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.
§ 3-8.Helsetilsyn
Forskrift gitt i medhald av helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 andre ledd gjeld for elevar ved skolar i Noreg godkjende etter denne lova. Kommunen der skolen ligg, har ansvaret for å gjennomføre helsetenesta i samsvar med forskrifta og å dekkje utgifter for helsetenesta ved skolane etter same reglar som for offentlege skolar.
§ 3-9.(Oppheva)
§ 3-10.Bortvising
Styret kan fastsetje i skolereglane at elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skolereglane, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen. Ein elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak er tilstrekkelege.
Elevar på 1. til 7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar. Foreldra skal få melding før ein elev på 1. til 7. trinn blir vist bort for resten av dagen. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar. Det kan også fastsetjast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege.
Det er dagleg leiar sjølv som vedtek bortvising frå opplæringa. Om ikkje styret fastset noko anna, kan dagleg leiar gi lærarar høve til å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt som læraren sjølv har ansvaret for. Bortvisinga kan ikkje gjelde for meir enn to klokketimar. Heimfylket gjer vedtak om at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret. Heimfylket kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein elev i den vidaregåande opplæringa skal visast bort for resten av skoleåret til den enkelte skolen. Norske vidaregåande skolar i utlandet gjer sjølv vedtak om bortvising.
Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, og reglane i forvaltningsloven gjeld. Departementet er klageinstans.
§ 3-10 a.Plikt til førebygging
Styret skal sørgje for at skolen driv eit kontinuerleg og systematisk arbeid for at det ikkje skal oppstå situasjonar der tilsette må gripe inn fysisk mot elevar.
§ 3-10 b.Fysiske inngrep for å avverje skade m.m.
Tilsette i skolen kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege, gripe inn fysisk mot elevar for å avverje at ein elev
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.
Handlingar som er allment aksepterte i samhandling mellom vaksne og barn som dei har omsorg for, skal ikkje reknast som fysiske inngrep etter paragrafen her.
§ 3-10 c.Meldeplikt og dokumentasjon
Ein tilsett som har nytta fysiske inngrep etter § 3-10 b, skal melde frå om det til dagleg leiar. Dagleg leiar skal melde frå til foreldra til eleven. Dersom det er nytta fysiske inngrep mot den same eleven fleire gonger, eller inngrepet er særleg alvorleg, skal dagleg leiar melde frå til styret for skolen.
Skolen skal dokumentere alle fysiske inngrep med ei kort omtale av hendinga, inngrepet som vart gjort, og eleven sitt syn på saka.
§ 3-11.Rådgiving om utdannings- og yrkesval
Skolen skal sørgje for at elevar i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga som dei treng om utdannings- og yrkesval.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
§ 3-11 a.Rådgiving om sosiale og personlege forhold
Skolen skal sørgje for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.
Elevane skal få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
§ 3-12.Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn
Opplæringslova § 14-6 gjeld tilsvarande for elevar i skolar godkjende etter lova her. Retten til fritak frå aktivitetar m.m. gjeld likevel ikkje for elevar i skolar som er godkjende etter § 2-1 andre ledd bokstav a. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter denne regelen.
§ 3-13.Permisjon frå den pliktige grunnskoleopplæringa
Skolen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Skolen skal ha retningslinjer om permisjon frå skolen.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.
Avgjerd om permisjon er enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.
§ 3-14.Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Elevar har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa etter opplæringslova § 11-6, jf. § 3-6.
§ 3-15.Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
Elevar skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring. Det same gjeld når dei deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.
Tilsette i skolen skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er saman med elevane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga og leksehjelpordninga.
Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.
Kapittel 4. Personalet i skolen m.m.
§ 4-1.Leiing
Kvar skole skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Skolen skal ha ein dagleg leiar.
§ 4-2.Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av §§ 17-3 og 17-4 i opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende med alternative læreplanar, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei krava som følgjer av opplæringslova §§ 17-3 og 17-4 med tilhøyrande forskrift.
Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse i tillegg til krava i første ledd.
Departementet kan gi forskrift om krav til relevant kompetanse i dei ulike faga.
§ 4-3.Politiattest og forbod mot tilsetjing
Skolen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen, i leksehjelpa eller i skoleliknande aktivitetstilbod.
Skolen kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje kontakt personen skal ha med elevar.
Skolen kan krevje politiattest av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.
Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 251, 252, 253, 254, 255, 256, 263, 264, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 222, 223, 227, 228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med politiregisterloven § 40.
Personar som er dømde for eller har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.
Dersom politiattesten inneheld merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnd i første ledd.
Departementet gir forskrift om politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.
§ 4-4.Lønns- og arbeidsvilkår
Undervisningspersonalet har rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar.
§ 4-5.Fagleg ansvar for opplæringa og bruk av anna personale i opplæringa enn dei som er tilsett i lærarstilling
Berre dei som er tilsett i lærarstilling, kan ha fagleg ansvar for opplæringa.
Når anna personale hjelper til i opplæringa, skal skolen sørgje for at dei får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
§ 4-6.Krav om at skolane har tilgang på vikarar
Skolen skal sørgje for å ha tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.
Kapittel 5. Styrings- og rådsorgan
§ 5-1.Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved behandling av saker der det gjeld lovfesta teieplikt, skal styret sørgje for at personar under 18 år med møterett forlet møtet.
§ 5-2.Styret sine oppgåver
Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Styret skal:
I andre saker enn dei som følgjer av andre ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.
§ 5-2a.Internkontroll
Styret skal ha internkontroll for å sikre at krava i denne lova med forskrifter blir følgde.
Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassa storleiken på skolen og særpreget, aktivitetane og risikoforholda der.
Ved internkontroll etter denne paragrafen skal styret
§ 5-2b.Plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling
Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører etter § 7-2 c. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i skolen med omsyn til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.
Styret skal sørgje for at skolen jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i godkjende læreplanar etter § 2-3. Elevane skal involverast i denne vurderinga.
§ 5-3.(Oppheva)
§ 5-4.(Oppheva)
§ 5-5.Overgangen frå barnehagen til skolen
Skolen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen.
§ 5-6.Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Dei vidaregåande skolane skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Grunnskolen skal samarbeide med den vidaregåande skolen om overgangen.
Kapittel 5A Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
§ 5A-1.Det beste for eleven
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.
§ 5A-2.Elevane sin rett til medverknad
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.
§ 5A-3.Samarbeid med foreldra
Skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.
Departementet kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.
§ 5A-4.Skoledemokratiet
Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal òg hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.
§ 5A-5.Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval. Skolens styre skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal være representerte i organ ved vidaregåande skolar.
§ 5A-6.Elevane si plikt til å delta og skolens oppfølgingsplikt
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Skolen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.
Elevane kan bli pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
§ 5A-7.Skolereglar
Skolen skal ha skolereglar om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).
Skolens styre kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.
§ 5A-8.Informasjon til elevane og foreldra
Skolen skal gi elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane, og om dei rettane og pliktene elevane elles har.
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
§ 6-1.Statstilskot
Godkjende skolar får statstilskot til godkjend opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Tilskotsgrunnlaget blir korrigert for utgifter som den offentlege skolen har, men som ikkje skal inngå i tilskotsgrunnlaget. Tilskotsgrunnlaget blir rekna ut særskilt for barnesteget, ungdomssteget og dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring.
Grunnskolar får innarbeidd 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget. Vidaregåande skolar får innarbeidd 85 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget.
For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små og store skolar ved at det blir gitt ein høgare tilskotssats for elevar opp til eit fastsett elevtal (knekkpunktet).
Dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.
Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, om tilskotsordninga for grunnskolar og vidaregåande skolar, og om dokumentasjon for elevtal og rapportering av elevtal.
§ 6-2.Skolepengar
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 første ledd, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 prosent av tilskotsgrunnlaget, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere tidsavgrensa unntak frå kravet.
Dersom styret etter § 5-2 andre ledd bokstav b etablerer ei ordning med graderte og reduserte skolepengar, kan skolen etter søknad gi reduserte skolepengar ut frå økonomien til den enkelte hushaldninga, og gi moderasjon til hushaldningar som har fleire barn på skolen.
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 fjerde ledd, kan i særskilde tilfelle få dispensasjon til å krevje inn skolepengar.
Grunnskolar kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.
Vidaregåande skolar kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna. Skolen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Skolen kan påleggje elevane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
§ 6-3.Krav til bruken av offentlege tilskot og skolepengar
Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan
Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.
Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden.
§ 6-4.Statstilskot til kompletterande undervisning
Det kan givast tilskot til kompletterande undervisning til elevar som er i eit ordinært utdanningsløp ved ein grunnskole i utlandet. Tilskotet kan gis for
Det kan ikkje givast tilskot til kompletterande undervisning for elevar ved skole som er godkjend etter lova her.
Kapittel 6A. Diverse skolar som gir yrkesretta opplæring
§ 6A-1.Godkjenning av skolar
Dette kapitlet gjeld godkjenning av diverse skolar som gir yrkesretta opplæring. Skolar som 30. juni 2010 var godkjende og i drift etter tidlegare kapittel 6A i denne lova, har rett til statstilskot og til å drive verksemd etter dette kapitlet.
Departementet kan etter søknad godkjenne driftsendringar og nye skolar etter dette kapittelet. Departementet kan gi forskrift om fastsetjing av maksimalt elevtal per linje eller tilbod på desse skolane. Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.
Departementet kan gi forskrift om fristar for søknader om godkjenning av driftsendringar og nye skolar.
Departementet kan gi forskrift om kjøp av opplæringstenester.
§ 6A-2.Krav til innhald og vurdering av opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planane kva slags vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen skal ha læreplanar som er på nivå over grunnskoleopplæring. Skolen definerer sjølv sitt eige faglege og/eller verdimessige grunnlag. Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dersom særlege grunnar tilseier det, kan ein skole få godkjent andre undervisningsspråk enn norsk og samisk.
Departementet kan gi forskrift om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
Departementet kan gi forskrift om eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.
§ 6A-3.Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Skolen kan i reglementet fastsetje vilkår for inntak til skolen. Reglar for prioritering av søkjarar skal vere baserte på saklege omsyn. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningsloven. Avgjerder om inntak er enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.
Departementet kan gi forskrift om avgrensingar i inntaket av søkjarar utan fast tilknyting til Noreg.
§ 6A-4.Kompetansekrav til undervisningspersonalet
Styret fastset krav til kompetanse for undervisningspersonalet ved skolen, med mindre departementet i det enkelte tilfellet fastet noko anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller dei fastsette kompetansekrava, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
§ 6A-5.Bortvising
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar kan visast bort frå undervisninga dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar kan visast bort i opp til fem dagar. Den daglege leiaren ved skolen kan vedta bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven.
Når ein elev over tid har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av styret visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn på.
Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal skolen vurdere andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.
§ 6A-6.Offentlege tilskot, skolepengar mv.
Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan:
Departementet kan gi forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.
Departementet fastset i forskrift kor stor del av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, skolane får i statstilskot til godkjend opplæring. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst tilsvarar eit halvt skoleår. Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for og rapportering av elevtal. Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at krava i første ledd er oppfylte, og om skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av marknadsvilkår.
Skolane kan krevje skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Departementet fastset i forskrift kor stor del av tilskotsgrunnlaget etter tredje ledd som skolepengane maksimalt kan utgjere. I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane krevje eit beløp fastsett av departementet for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle fastsetje tidsavgrensa unntak frå kravet.
Skolane kan påleggje elevane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, og dei kan krevje betaling frå elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell. Skolane kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa utover det som følgjer av denne paragrafen eller forskrift gitt i medhald av denne paragrafen. Departementet kan gi forskrift om høve til å ta betaling for opplæringa.
§ 6A-7.Andre reglar
Følgjande reglar i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapitlet:
Kapittel 7. Diverse
§ 7-1.Budsjett, rekneskap og rapportering
Skolane skal følgje rekneskapsloven og bokføringsloven og ha revisjon i samsvar med revisorloven. Skolane må leggje fram budsjett og revidert rekneskap etter forskrift fastsett av departementet.
Departementet kan gi forskrift om krav til rapportering av informasjon om ressursbruk og tenesteproduksjon til bruk i nasjonale informasjonssystem.
§ 7-1a.Om reklame i skolen
Skolen skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker eller andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
§ 7-1 b.Ulykkesforsikring
Skolen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelp. Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.
§ 7-1c.(Oppheva)
§ 7-1d.(Oppheva)
§ 7-1 e.Leksehjelp
Skolen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift om leksehjelptilbodet.
§ 7-2.Tilsyn m.m.
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon. Dersom departementet i samband med gjennomføring av tilsyn har behov for dokumentasjon frå eigaren av skolen eller nærståande av eigaren, skal departementet også ha tilgjenge til slik dokumentasjon. Departementet sin rett til dokumentasjon gjeld utan hinder av teieplikt.
Ved opphør av skoledrifta kan departementet i alle tilfelle krevje tilbakeført gjenståande midlar som skriv seg frå det offentlege tilskotet.
Departementet kan gi forskrift om meldeplikt ved sal, fusjon, fisjon og nedlegging av private skolar.
Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhald av §§ 3-3, 3-5, 3-6, 3-7, 3-8 og 3-10. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
§ 7-2 a.Moglege reaksjonsformer
Dersom det blir oppdaga forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.
Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova, vilkår i forskrifter gitt med heimel i lova eller føresetnadene for godkjenninga ikkje blir fylte. Departementet kan òg krevje attende for mykje utbetalt tilskot, og tilskotsmidlar som er brukte i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga.
Første og andre ledd gjeld også dersom det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, og forholdet svekker tilliten til skolen.
Ved bruken av reglane i første og andre ledd skal det leggjast vekt på dei verdiane som følgjer av § 1-1 andre ledd.
§ 7-2 b.Karantene
Dersom det ved ein skole blir oppdaga særleg alvorlege forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova, eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, og brota klart svekker tilliten til at skolen eller den ansvarlege personen er eigna til å drive skole i samsvar med regelverket, kan departementet påleggje karantene retta mot skolen eller personen.
Karantene kan berre påleggjast personar som har opptredd forsettleg eller aktlaust. Karantene kan berre påleggjast personar i sentrale stillingar ved skolen. Med sentrale stillingar er meint medlem og varamedlem i styret, eigar, rektor, skoleleiar, dagleg leiar og andre leiande posisjonar ved skolen.
At ein skole er pålagt karantene inneber at den juridiske eininga som skolen er registrert som, ikkje kan søkje ny godkjenning eller driftsendringar i karanteneperioden. Personar som er pålagt karantene, kan i karanteneperioden ikkje tiltre sentrale stillingar ved godkjende skolar eller skolar som søker godkjenning.
Karantene gjeld som hovudregel i to år frå vedtaket blir treft. Dersom det ligg føre særlege forhold, kan det bli pålagt karantene for kortare eller lengre tidsrom, men ikkje lengre enn fire år.
§ 7-2 c.Plikt til å delta i evalueringar og gi opplysningar
Departementet kan gi forskrift om at dei ansvarlege for opplæringa og dei som får opplæring, skal delta i evalueringar og gi opplysningar om opplæringa, så langt det er nødvendig for å å evaluere verksemda etter denne lova. Departementet kan vidare gi forskrift om at det i dette arbeidet kan behandlast personopplysningar, og mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar. Behandlinga kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
§ 7-3.Teieplikt
Reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld ved behandling av saker etter denne lova.
🔗Del paragraf§ 7-4.Plikt til å melde frå til barnevernet
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysninger etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
§ 7-5.Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Styret skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Styret skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold, av eige tiltak gir sosialtenesta og eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som dei ikkje har plikt til å teie om.
§ 7-6.Straffansvar for brot på opplæringsplikta
Foreldre og andre som har omsorg for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa utan å ha rett til det.
§ 7-7.Rett til å ta avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overteke omsorga
Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernsloven § 5-1, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av eleven. Barnevernstenesta har dessutan rett til å ta avgjerder på vegner av eleven etter vedtak om flytteforbod etter barnevernsloven § 4-3 og etter vedtak om omsorgsovertaking etter barnevernsloven § 4-2.
Foreldra til eleven har likevel rett til å velje privat skole etter opplæringslova § 2-2, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-2 og krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn, jf. § 3-12.
§ 7-8.Innhenting og opplysningar frå Folkeregisteret
Offentlege styresmakter kan utan hinder av teieplikt hente inn opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om kva for opplysningar som kan hentast inn.
§ 7-9.Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt
Skolar kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Vidaregåande skolar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring og førebyggje fråvær frå opplæringa.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av opplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
§ 7-10.Plikt til å levere vitnemål frå vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse
Skolar som tilbyr vidaregåande opplæring skal utan hinder av teieplikt levere resultat frå alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. opplæringslova § 25-2. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.
Kapittel 8. Sluttføresegner
§ 8-1.Overgangsreglar
Departementet kan ikkje godkjenne nye skolar etter § 2-1 andre ledd bokstav f før 1. juli 2009.
Departementet fastset nærare overgangsreglar i forskrift.
For skolar som tilbyr særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, jf. § 2-1 andre ledd bokstav d, og som var godkjende og i drift då lova tok til å gjelde, gjeld § 2-1 tredje ledd frå 1. august 2020.
For skolar som var godkjende før endringa i § 2-2 fjerde ledd tok til å gjelde, gjeld § 2-2 fjerde ledd andre punktum frå 1. august 2018.
§ 8-2.Iverksetjing
Lova tek til å gjelde frå 1. oktober 2003.
Samstundes blir lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) oppheva.