Verktøylinje
Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring
- § 1. Formål
- § 2. Kva lova gjeld
- § 3. Definisjonar
- § 4. Melding om barnebortføringar til utlandet
- § 5. Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet
- § 6. Innkrevjing av barnebidrag
- § 7. Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren
- § 8. Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
- § 9. Sakkunnig vurdering
- § 10. Ny vurdering
- § 11. Sperra konto
- § 12. Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra
- § 13. Saker der barnevernet har omsorga for barnet
- § 14. Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
- § 15. Forskrifter
- § 16. Ikraftsetjing og overgangsreglar
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Del dokument
Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet
§ 1.Formål
Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.
🔗Del paragraf§ 2.Kva lova gjeld
Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet.
Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at
Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.
§ 3.Definisjonar
Offentlege ytingar tyder i lova her
Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd inn av Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav, med unntak av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernsloven § 15-12.
§ 4.Melding om barnebortføringar til utlandet
Dersom Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar ei sak som ei bortføringssak etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.
Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad.
Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder av teieplikt.
§ 5.Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet
Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.
🔗Del paragraf§ 6.Innkrevjing av barnebidrag
Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar.
🔗Del paragraf§ 7.Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren
Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids- og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade.
🔗Del paragraf§ 8.Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda.
Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om
Ein kan berre hente inn opplysningane som er nemnde i andre leddet bokstavane b, c og e dersom ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis.
Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.
Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.
§ 9.Sakkunnig vurdering
Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.
🔗Del paragraf§ 10.Ny vurdering
Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter § 7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven § 35.
🔗Del paragraf§ 11.Sperra konto
Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto.
Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegner av barnet, når
Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.
🔗Del paragraf§ 12.Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra
Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg.
Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd gjeld tilsvarande.
Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake.
Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.
🔗Del paragraf§ 13.Saker der barnevernet har omsorga for barnet
Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld tilsvarande.
Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter lova nyttast mot begge.
🔗Del paragraf§ 14.Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag
Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane:
§ 15.Forskrifter
Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, mellom anna til
§ 16.Ikraftsetjing og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1
Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde.
Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.