Ragnar Standal, 2008 Foto: Knut Hustad
Ragnar Standal (fødd 24. september 1928 på Ytre Bakkane på Ytre-Standal, død 14. august 2013 på Hjørundfjordheimen på Sæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.
Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krins på Lesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992. Les mer …
Frå skirenn i Tobbedalsbakken fyrst i 1920-åra
Tobbedalsbakken var ein skibakke som låg mellom Bjorli og Lesjaskog nedafor dei gamle Einbugardane, der garden Voll ligg i dag. Ovarennet gjekk frå heilt oppe ved Nordistugu Einbu. Flata var frå fyrst av litt snau, for det stod ein steinmur mot riksvegen. Skulle hopparane svinge til venstre fekk dei òg litt problem, for der stod det ein låve. Enklast var det å svinge til høgre på det opne jordet der.
Seinare vart steinmuren rive, så da kunne hopparane køyre over riksvegen og stoppe på flata inn mot Raumabanen. Som vi skjøner var det lite trafikk på den tida - også fordi vegen ikkje var open for biltrafikk vinterstid. Men det måtte haldast vakt i tilfelle det kom hestetransport. Les mer …
Brev frå Lesja til Amerika er avskrift av ei samling brev sendt til Lars Jøraandstad (1873–1941) i Nord-Amerika fra hans mor Anne (1846–1907), far Jakob (1824–1907), søsken Hans (1874–1965), Marit (1877–1951) og Johannes (1879–1918) og svoger Jonas Thøring (g.m. Marit, 1876–1950) på Lesja. Se Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 214.
Lars Jøraandstad var tredje barn av Jacob og Anne Jøraandstad og den eldste av de seks som vokste opp. Han var født i 1873 og emigrerte som den første i søskenflokken til USA i 1897, bare 24 år gammel. I de etterfølgende år mottok han en rekke brev fra foreldre, søsken og en svoger i Norge. Noen av disse (kanskje de fleste, men neppe alle) tok han vare på, og det har også etterkommende generasjoner i to ledd gjort. Les mer …
Bjorli jernbanerestaurant vart bygd på Bjorli stasjon på Raumabanen i 1927. Det var ein staseleg bygning med plass til 700 gjester. Målgruppa var turistar som kom med turistskip til Åndalsnes og så kom opp med toget til Bjorli for så å få noko å forfriske seg på der før dei returnerte. Det var Norsk Spisevognselskap som dreiv restauranten.
Dotter til stasjonsmeisteren på Bjorli i åra 1930-36 har fortald om desse turistane og opphaldet deira:
«Det surret i flere tungemål og det var virkelig festlig mens det stod på, og mange av bygdas kvinner var med og hjalp til med servering o.l. Oppholdet kunne dreie seg om et par timers tid, og da tok de seg gjerne en tur oppover moen til Storhaugen hvor de plukket blomster, lyng og kjerringris.»
|
|
Les mer …
|