Trenger du brukerveiledning?
Få svar på ofte stilte spørsmål her (FAQ)
Lovdata kan dessverre ikke svare på spørsmål angående juridiske problemer. Lovdata kan heller ikke bidra med å tolke regelverket eller finne frem til rettsregler som passer i et bestemt tilfelle. Kontakt den offentlige etaten spørsmålet gjelder, eventuelt advokat eller rettshjelper hvis du har behov for slik bistand.
Fant du ikke det du lette etter?
Send en e-post til [email protected]
Lov om innførsle- og utførsleregulering
Jf. tidligare lover 13 des 1946 nr. 29 og 13 des 1946 nr. 30. Jf. lover 22 juni 1934 nr. 5, 31 mai 1974 nr. 20.
Kort om lova
Sist endra 04.09.2024
Innførsle- og utførslereguleringslova er ei norsk lov som i særskilte situasjonar gir Regjeringa høve til å forby eller krevje særleg løyve for import eller eksport av ulike varer. Lova har reglar om opplysingsplikt for dei som er omfatta av import- eller eksportreguleringar, og den er også lovheimel for straff. Lova fastslår at Regjeringa må forholde seg til dei pliktene som følgjer av multilaterale avtalar og folkerettslege rettsreglar ved fastsetting av import- eller eksportforbod. Regjeringa kan gjennomføre slike reguleringar ved å fastsetje forskrift.
Grunnlaget for eksport og import av varer til Noreg i etterkrigstida var tufta på to mellombelse lover; ei for eksportregulering og ei for importregulering. Desse lovene tok utgangspunkt i at all eksport- og importaktivitet trong eit særleg løyve for å ikkje vere forbode. Denne restriktive tilnærminga kan sjåast i samanheng med at dei mellombelse lovene vart vedtekne i 1946 med vareknappheit og rasjonering etter andre verdskrig. Innførsle- og utførslereguleringslova frå 1997 samla desse to lovene og snudde om på den rettslege stoda, og stadfesta utviklinga innan frihandel med norsk tiltredelse til GATT og EØS.
Les meir i Store norske leksikon.
§ 1.
Kongen kan, med dei innskrenkingar som fylgjer av avtale med framand stat eller internasjonal organisasjon, gje føresegn om forbod mot eller krav om serskilt løyve for innførsle eller utførsle av varer, medreikna levande planter og dyr. Det kan fastsetjast serskilde vilkår for slikt løyve.
Føresegnen i fyrste leddet gjeld og for innførsle frå og utførsle til Svalbard, Jan Mayen og land underlagd Noreg. Føresegnen om utførsle gjeld og all levering til utlandet av varer som er vunne ved fiske eller fangst frå norsk farty.
🔗Del paragraf§ 2.
Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt, plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsmateriale, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan departementet setja politiet til å granska slikt materiale.
Når departementet har fastsett det, kan offentlege styresmakter som fastset eller krev inn skatt, avgift eller tollavgift, få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningar som vert gjevne etter denne lova.
Så langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teia med det dei fær kjennskap til i yrket sitt etter denne lova. Forvaltningsloven §§ 13 til 13 e og 13 g
§ 3.
Kongen eller den som har fullmakt frå honom kan gjeva nærare føresegner til utfylling og gjenomføring av lova.
🔗Del paragraf§ 4.
Har nokon
om tilhøve som har noko å segja for retten til å føra inn eller ut varer, eller
vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 6 månader eller med båe desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod.
Har nokon av aktløyse gjort slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot eller fengsel i opp til 3 månader.
§ 5.
Denne lova tek til å gjelda straks. Lov av 13. desember 1946 nr. 29 om mellombels innførsleforbod og lov av 13. desember 1946 nr. 30 om mellombels utførsleforbod fell bort frå same tid. Føresegn gjevne og vedtak gjorde med heimel i nemde lovar skal gjelda til dei vert sette ut av kraft eller avløyste med føresegn eller vedtak som har heimel i denne lova. For straff ved brot på slike føresegner, gjeld § 4 tilsvarande.
🔗Del paragraf