Arne Fagerholt: Skilnad mellom versjonar
Oppretta sida med « {{Infoboks biografi}} '''Arne Fagerholt''' (fødd 9. juli 1964 i Orkdal) er ein norsk ballettdansar, songar, koreograf, skodespelar, pedagog, teatersjef og kulturleiar. Han er mest kjend for arbeidet med dansegruppa Carte Blanche, der han har vore dansar, leiar og koreograf. == Songkarriere == Som barn var Arne Fagerholt ein populær songar som turnerte Norge og USA. Han gav ut ei langspel-plate med sine mest kjende melodiar i 1975.<ref>[…» Merke: Lenkjer til fleirtydingssider |
(Ingen skilnad)
|
Versjonen frå 4. september 2024 kl. 23:05
Arne Fagerholt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. juli 1964 (60 år) |
Yrke | koreograf, dansar |
Arne Fagerholt (fødd 9. juli 1964 i Orkdal) er ein norsk ballettdansar, songar, koreograf, skodespelar, pedagog, teatersjef og kulturleiar. Han er mest kjend for arbeidet med dansegruppa Carte Blanche, der han har vore dansar, leiar og koreograf.
Songkarriere
Som barn var Arne Fagerholt ein populær songar som turnerte Norge og USA. Han gav ut ei langspel-plate med sine mest kjende melodiar i 1975.[1]
Utdanning
Fagerholt er utdanna ved Statens Balletthøgskole i perioden 1980–1983.
Nasjonalballetten
Han vart tilsett i Nasjonalballetten i 1983 og utnemnd til solist i 1985. Han dansa mellom annet «Amor» i Sylvia, «Benno»/«Narren» i Svanesjøen (Arova/Nurejev), «Sønnen» i Tango Buenos Aires og «Solan Gundersen» i Flåklypaballetten
Andre arenaer
Koreografen Kjersti Alveberg skapte fleire verk og solistpartiar for Fagerholt på 1980-talet, deriblant signaturverket Spirits (1987) som var tinga av Eurovision og ZDF i Tyskland. Alveberg koreograferte òg soloen hans til Eurovisjonens internasjonale konkurranse for unge danserar i Reggio Emilia, Italia i 1985, der han vann ein oppsiktsvekkjande sølvmedalje. I 1988 var han gjestedansar i det italienske kompaniet Il Balletto di Venezia under leiing av Giuseppe Carbone og Birgit Cullberg.
Carte Blanche
Arne Fagerholt var dansar i Carte Blanche frå 1987 til 1992. Seinare koreograferte han for ensemblet og leia teatret i sju år.
Skodespelar
Han debuterte som skodespelar ved Den Nationale Scene i 1992 som Shepard i Det perfekte kysset av Staffan Göthe, i et stykke han samstundes koreograferte, og han spelte tittelrolla i Peter Pan (1993) ved Den Nationale Scene og Mowgli (1996) ved Riksteatret.
Koreograf
Han debuterte som koreograf med Heartaches for Nye Carte Blanche i 1991. Videre koreograferte han Spelet om Heilag Olav i 15 år frå 1997. I 2008 fekk han Stiklestadprisen for arbeidet med Spelet.
I 1998 koreograferte han heilaftenballetten Pinocchio for Nasjonalballetten I 2000 koreograferte han Jesus Christ Superstar ved Trøndelag Teater og Genanse og verdighet på Nationaltheatret. Han hadde fleire koreografiske oppgåver for Statens Balletthøgskole, for norske teaterscenar og ulike prosjekt.
I 2013 skapte han framsyninga Patina med 25 orkdalsdamer (ikkje-danserar) mellom 67 og 88 år. Framsyninga vart sett opp med lokale amatørar fleire steder i landet; i Haugesund, Bærum, Larvik, Bergen og Finnsnes/Harstad.
I 2016 skapte han danseteaterframsyninga «På lokalet» for Sogn og Fjordane Teater. For Operaen i Kristiansund regisserte han framsyningane Kiss Me Kate (2018) og Spelemann på taket (2020).
Pedagog
Han arbeidde som leiar for danselina (2000–2001) og var pedagog i klassisk ballett ved Statens Balletthøgskole i lengre perioder på 1990-talet. Han har vore gjestelærar ved fleire dansekompanier i Norden. I 2009 og 2010 var han lektor i klassisk ballett ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
Teatersjef
Frå 2001 til 2008 var han teatersjef for Carte Blanche i Bergen. I 2023 vart han tilsett som teatersjef for Turnéteatret i Trøndelag.
Kulturleiar
Frå 2011 til 20222 var han kulturleiar i heimkommunen Orkdal, seinare Orkland kommune.
Operaregissør
Han debuterte som operaregissør med La Traviata for Opera Nordfjord hausten 2022, og iscenesetjinga vart sett opp att ved Operaen i Kristiansund[2] og Opera Trøndelag i 2024.[3]
Styreverv
Fagerholt har hatt fleire styreverv, mellom anna i Norske Dansekunstnere, Statens Balletthøgskole, Danseinformasjonen, Nye Carte Blanche, Borealis og Norsk Teater- og Orkesterforening.[treng kjelde]. Han var leiar av Faglig utvalg for dans og rådsmedlem i Norsk kulturråd frå 2012 til 2017. I 2021 vart han medlem av styret i Den Norske Opera & Ballett.[4].
Priser og utmerkingar
- 1985: Sølv i Eurovisjonens Internasjonale konkurranse for unge dansarar, Italia 1985
- 1985: ST-Prisen (Sør-Trøndelag (avis)
- 1985: Operaens Ballettklubbs stipend [treng kjelde]
- 1986: Den Norske Operas venners talentpris
- Bergen kommune sin kulturpris[treng kjelde]
- 2002: Pernillestatuetten (med Carte Blanche)
- Orkdal kommune sin kulturpris
- 2008: Stiklestadprisen[5]
Diskografi
- 12 «freske» låter og en 11-åring – LP, 1975
Kjelder
- ↑ Rockipedia Arne Fagerholt Rockipedia (vitja 4. september 2024)
- ↑ La Traviata - Operaen i Kristiansund oik.no (vitja 4. september 2024)
- ↑ Opera Trøndelag - La Traviata www.operatrondelag.no (vitja 4. september 2024)
- ↑ Nytt styre for Den Norske Opera & Ballett scenekunst.no 15. juni 2021 (vitja 4. september 2024)
- ↑ Stiklestadprisen til Arne Fagerholt vl.no 30. juli 2008 (vitja 4. september 2024)
Bakgrunnsstoff
- Videointervju med Arne Fagerholt i 2011 danseinfo.no (besøkt 4. september 2024)
- Oversikt over forestillinger Arne Fagerholt framsyningar. sceneweb.no (vitja 4. september 2024)
- Spirits - danseforestilling av Kjersti Alveberg. Solist Arne Fagerholt youtube.com (1987) (vitja 4. september 2024)