Høgskulen i Volda: Skilnad mellom versjonar
sInkje endringssamandrag |
rekat |
||
Line 41: | Line 41: | ||
[[kategori:utdanning i Møre og Romsdal]] |
[[kategori:utdanning i Møre og Romsdal]] |
||
[[ |
[[Kategori:Statlege høgskular i Noreg]] |
||
[[kategori:høgskulen i Volda| ]] |
[[kategori:høgskulen i Volda| ]] |
||
[[kategori:Volda]] |
[[kategori:Volda]] |
Versjonen frå 29. september 2010 kl. 21:38
Høgskulen i Volda (HVO) ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal. Høgskulen har rundt 3.000 studentar og 340 tilsette og er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.
Høgskolen i Volda er ein av 24 statlege høgskular i Noreg. Den vart etablert 1. august 1994 etter at det vart beslutta å slå saman dei to statlege høgskulane i Volda som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskulene som fusjonerte var Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule.
Høgskulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta fag- og profesjonstudiar innan humanistiske fag og samsfunnsfag. Faga kan takast i varierande omfang, frå halvtårseiningar til bachelorgrad, mastergrad og nokre doktorgradstudium, og ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskulen tilbyr i 2009 14 bachelorstudium, der ein mellom anna kan ta profesjonsutdanning med bachelorgrad som førskulelærar eller i sosialt arbeid- som sosionom eller barnevernspedagog. Dei andre bachelorstudia er journalistikk; animasjon; informasjon og media; media, IKT og design; musikk; kunst og handverk; drama/teater; idrett og friluftsliv; språk og litteratur; planlegging og administrasjon; og historie, kultur og samfunn.
HVO tilbyr i 2009 fem mastergrader: [1]
- Kulturmøte
- Sosial- og helsefag: Meistring og myndiggjering.
- Nynorsk skriftkultur
- Samfunnsplanlegging og leiing
- Spesialpedagogikk.
Høgskulen har fire avdelingar:
- Kulturfag
- Mediefag (inkluderer Journalistutdanninga)
- Humanistiske fag og lærerutdanning
- Samfunnsfag og historie
Høgskulen omfatter også Ivar Aasen-instituttet for nynorsk skriftkultur.
Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studiar, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram med å utdanne seg i utlandet etter at studia ved Høgskulen er avslutta.
Høgskulen i Volda har òg eit aktivt studentmiljø som mellom anna gjev utslag i student-VEKA og ein dokumentarfilmfestival kvart år.
Rektor i 2009 er Jørgen Amdam.