Amager: Skilnad mellom versjonar
s r2.7.1) (robot la til: eu:Amager |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 25: | Line 25: | ||
Ein person frå Amager vert kalla ein ''amagerkanar''. |
Ein person frå Amager vert kalla ein ''amagerkanar''. |
||
Amager har samband med [[Sjælland]] over bruene Knippelsbro, Langebro, Sjællandsbroen og Kalvebodbroerne. [[T-banen i København|Københavns Metro]] er ført i tunnel frå Sjælland til Christianshavn i nærleiken av Knippelsbro og gjeng vidare innover øya som høgbane. Dessutan gjeng hovudsambandet mellom Danmark og [[Sverige]] for både bil- og jarnbanetrafikk over [[Øresundsbrua]] frå Kastrup på Amager til Lernacken rett sør for [[ |
Amager har samband med [[Sjælland]] over bruene Knippelsbro, Langebro, Sjællandsbroen og Kalvebodbroerne. [[T-banen i København|Københavns Metro]] er ført i tunnel frå Sjælland til Christianshavn i nærleiken av Knippelsbro og gjeng vidare innover øya som høgbane. Dessutan gjeng hovudsambandet mellom Danmark og [[Sverige]] for både bil- og jarnbanetrafikk over [[Øresundsbrua]] frå Kastrup på Amager til Lernacken rett sør for [[Malmö]]. |
||
== På øya ligg mellom anna== |
== På øya ligg mellom anna== |
Versjonen frå 4. mai 2012 kl. 22:50
Amager | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Østersund |
Koordinatar |
|
Areal | 96,29 km²
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommunar | Københavns kommune, Tårnby kommune, Dragør kommune
|
Demografi | |
Folketal | 160 064
|
Amager er ei låg dansk øy som ligg i Øresund tett attmed austkysten av Sjælland. I det 20. hundreåret vart arealet på Amager auka ved demningar kring Kalveboderne, og øya er no på om lag 90 kvadratkilometer.
Amager hadde sers godt jordbruksland, omkransa av sandstrender. Kong Christian 2. inviterte i 1521 hollendarar til å dyrke grønsakar på Amager for å kunne forsyne København. Men no er øya for det meste bymessig utbygd, i tillegg til at København lufthamn ligg på øya, sjølv om det framleis finst landbruks-, skogs- og naturområde i Dragør og Kastrup.
Administrativt er øya delt mellom Københavns kommune, Dragør kommune og Tårnby kommune. Bydelane i den delen av Amager som høyrer til København er Christianshavn, Sundbyøster, Sundbyvester og Islands Brygge, ein del av Vestamager og av Ørestad.
Ein person frå Amager vert kalla ein amagerkanar.
Amager har samband med Sjælland over bruene Knippelsbro, Langebro, Sjællandsbroen og Kalvebodbroerne. Københavns Metro er ført i tunnel frå Sjælland til Christianshavn i nærleiken av Knippelsbro og gjeng vidare innover øya som høgbane. Dessutan gjeng hovudsambandet mellom Danmark og Sverige for både bil- og jarnbanetrafikk over Øresundsbrua frå Kastrup på Amager til Lernacken rett sør for Malmö.
På øya ligg mellom anna
- København lufthamn.
- Delar av København Universitet. Mellom anna Det humanistiske fakultet
- IT-Universitetet
- Ørestad.
- Det største hotellet i Danmark, Radisson SAS Scandinavia Hotel.
- Bella Center, det største utstillings- og kongress-senteret i Skandinavia.
- Field's, det største kjøpesenteret i Skandinavia.
- Metroen har fleire stasjonar på øya.
- Christiania.
- Vor Frelsers Kirke, kjend for spiralspiret sitt.
Byar på Amager (utover dei delane som vert rekna som ein del av København):
Historie
Amager var fram til om lag 1970 staden der københavnarane deponerte avfall. Derfor vert øya stundom kalla «lorteøen» på folkemunne.