Kardítsa: Skilnad mellom versjonar
Line 77: | Line 77: | ||
|- |
|- |
||
| [[Mávrika]] || Kardítsa || 565 |
| [[Mávrika]] || Kardítsa || 565 |
||
|- |
|||
| [[Roússo]] || Kardítsa || 465 |
|||
|- |
|||
| [[Xinonéri]] || [[Mitrópoli]] || 451 |
|||
|- |
|- |
||
|} |
|} |
Versjonen frå 8. februar 2015 kl. 14:48
Kardítsa Lokalt namn Καρδίτσα | |
---|---|
Gate i Kardítsa | |
Geografi | |
Stad | Thessalía |
Koordinatar | 39°22′N 21°55′E / 39.367°N 21.917°E |
Areal | 647,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Thessalía Kardítsa |
Hovudsete | Kardítsa (38 554 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 56 747 (2011[1]) |
Folketettleik | 87,7 /km² |
Kardítsa (gresk Καρδίτσα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudsete i periferieininga. Området har vore busett sidan rundt år 9000 fvt. Kardítsa ligg sørvest for Palamás og Lárisa, vest for Fársala og Vólos, nordvest for Aten, Lamía, Domokós og Sofádes, nord for Karpenísi, nordaust for Árta og søraust for Tríkala, Grevená, Ioánnina og Kalambáka.
Kardítsa har skular, latinskular og gymnas. Her ligg veterinærinstituttet til Thessalía universitet, kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein togstasjon langs Tríkala-Kardítsa-Domokós-linja. Kardítsa er ein av dei mest syklistvenlege byane i Hellas med mange sykkelstiar. Om lag 30 % av all transport i byen skjer på sykkel.
Historie
Kardítsa var den første byen i Europa som vart frigjeve frå nazistane sin okkupasjon under den andre verdskrigen. Felttoget i Thessalía vart utkjempa av ELAS (gresk Ελληνικός Λαϊκός Απελευθερωτικός Στρατός, Ellinikós Laikós Apelevtherotikós Stratós), eller Det greske folkets frigjeringshær, den militære avdelinga til den venstreorienterte Nasjonal Frigjeringsfront (EAM).
Administrativ inndeling
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Kardítsa | Kardítsa | 38 554 |
Kardítsomagoúla | Kardítsa | 2 063 |
Artesianó | Kardítsa | 1 296 |
Mitrópoli | Mitrópoli | 1 262 |
Kallifóni | Kallífono | 1 017 |
Kallíthiro | Ítamos | 928 |
Makrykhóri | Kámbos | 822 |
Pródromos | Kámbos | 811 |
Stavrós | Kámbos | 792 |
Paleokklísi | Kardítsa | 689 |
Mýrina | Kámbos | 684 |
Ájos Theódoros | Kámbos | 682 |
Mávrika | Kardítsa | 565 |
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Karditsa frå Engelsk Wikipedia .