Hopp til innhald

Puddefjordsbrua: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
BepBot (diskusjon | bidrag)
s Bot: Standardiserer til "Bakgrunnsstoff" for "Lenker ut"
Line 85: Line 85:
}}
}}


== Eksterne lenkjer ==
== Bakgrunnsstoff ==
* [http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1427208 Bergen byleksikon på nett, om Puddefjordsbroen]
* [http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1427208 Bergen byleksikon på nett, om Puddefjordsbroen]
* [http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1425115 Bergen byleksikon på nett, om Puddefjorden]
* [http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1425115 Bergen byleksikon på nett, om Puddefjorden]

Versjonen frå 18. mai 2015 kl. 15:01

Puddefjordsbrua
Puddefjordsbrua

Typeoverbygget buebro
StadBergen
Opna1956
StrekningPuddefjordsbrua
Største spenn152 m
KryssarPuddefjorden
TransportererBiltrafikk
Trafikk50 481 (2023)[1]
Kart
Puddefjordsbrua
60°23′01″N 5°19′00″E / 60.383611°N 5.316667°E / 60.383611; 5.316667
Trafikk over brua, mai 2009.

Puddefjordsbrua strekkjer seg over Damsgårdssundet, som er den smalaste delen av Puddefjorden i Bergen. Brua blei opna i 1956 og ho strekkjer seg frå Møhlenpris på sentrumssida til Gyldenpris på Laksevågssida. Ho er bygd i betong og har bogefasong. Hovudspennet på brua er 152 meter, til saman 461 meter. På det høgste punktet er Puddefjordsbrua 30 meter over vassflata på Puddefjorden. Brua erstatta i 1960 den gamle Laksevågsferja frå Nøstet til Laksevåg. Ho er no del av riksveg 555 og har tre felt for motorkøyretøy i kvar retning og to gang- og sykkelfelt.

Opphavleg hadde brua tre felt. Det midtste feltet bytte køyreretning mellom morgonrushet og ettermiddagsrushet. I 1999 blei det bygd ei nær identisk bru heilt inntil den gamle, på sørsida. Den utvida brua har følgjeleg seks felter, tre kvar veg, og inngår no i det bergenske motorvegsystemet, trass i at brua ikkje formelt har status som motorveg.

På sentrumssida held vegen fram inn i Nygårdstunnelen, mens på Laksevågssida kan ein halda fram inn i Damsgårdstunnelen (viss ein skal vidare vestover, som til Loddefjord, Haakonsvern, Sotra, Øygarden eller Askøy), og i Løvstakktunnelen (viss ein skal til Fyllingsdalen). Ved bruendane er det også avkøyrsler til lokalområda der.

Under stormen 23. januar 1994 blei broen treft av bustadplattformen «Polyconcord» som hadde slite seg laus frå BMV Laksevåg der han låg ankra. Ein var ei stund redd for at brua ville bli øydelagd, men plattformen grunnstøytte like før, noko som dempa samanstøytet. Likevel blei rekkverk og eit fortau øydelagde og lysmaster blei slått skeive.

Det blei i 2004 avdekka at den gamle brua inneheld svært store mengder med miljøgifta PCB[2].

Historikk

Puddefjordsbrua var blant dei første vegprosjekta i Noreg som blei finansiert ved hjelp av bompengar. For å få dette til, blei Bro & Tunnelselskapet i Bergen stifta. Brua blei lånefinansiert, sidan førehandsbompengar vart sett på som ein uting. Ved sluttføringa begynte dei køyrande å betala – og dei kom berre til Laksevåg.

Løvstakktunnelen var neste byggetrinn og blei fullført med ein køyrebane i kvar retning. Denne var ferdigbetalt få månader før det nye førehandsbompengesystemet kom på plass. Til sentrum kom ein etter kvart direkte inn via den første Nygårdstunnelen. Etter byggjetrinn to er denne reservert offentleg transport og utrykningskøyretøy, medan den vanlege trafikken har fått eigne tunnelar som endar i trafikkmaskinaNygårdstangen.

Trafikkutvikling

Årsdøgntrafikken på brua i utvalt år:[3]

2006: 45 720
2009: 54 105
2010: 54 711
2011: 55 320
2012: 56 098

Sjå også

Kjelde

Referansar

  1. «Vegkart Trafikkmengde RV555 K S1D1 m954-1333». Nasjonal vegdatabank. Henta 9. april 2024. 
  2. 2,0 2,1 Morten Jartun, Rolf Tore Ottesen og Tore Volden (2004). «Spredning av miljøgifter fra tette flater i Bergen» (PDF). Norges geologiske undersøkelse rapport. ISSN 0800-3416. 
  3. 3,0 3,1 Statens vegvesen - Trafikkregistreringer(PDF) - besøkt 5. aug 2013

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Puddefjordsbrua