Hopp til innhald

Amager: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Alexbot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: es:Amager
VolkovBot (diskusjon | bidrag)
s robot la til: lt:Amageris
Line 57: Line 57:
[[id:Amager]]
[[id:Amager]]
[[it:Amager]]
[[it:Amager]]
[[lt:Amageris]]
[[hu:Amager]]
[[hu:Amager]]
[[nl:Amager]]
[[nl:Amager]]

Versjonen frå 21. januar 2008 kl. 19:47

Amager
Geografi
Stad Østersund
Koordinatar 55°37′N 12°35′E

Areal 96,29 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommunar Københavns kommune, Tårnby kommune, Dragør kommune

Demografi
Folketal 160 064

Amager er ei øy i Øresund på om lag 90 kvadratkilometer og ligg nær Sjælland sin austkyst. Øya er omkransa av sandstrender og består for øvrig mest av lågt jordbruksland. På 1900-talet vart øya gjort større ved å demme opp Kalvebodane. I dag er det meste av Amager urbant, sjølv om Dragør og Kastrup stadig har landbruk, skog og naturområde. Administrativt er øya delt mellom Københavns kommune, Dragør kommune og Tårnby kommune. Ein person frå Amager vert kalla ein amagerkanar.

Den københavnske delen består av bydelane Christianshavn, Sundbyøster, Sundbyvester og Islands Brygge, ein del av Vestamager og av Ørestad.

Amager er forbunde med Sjælland via bruene Knippelsbro, Langebro, Sjællandsbroen og Kalvebodbroerne. Dessutan er øya forbunde med Sverige via Øresundsbrua - frå Kastrup på Amager til Lernacken sør for Malmø.

På øya ligg mellom anna

Byar på Amager (utover dei delane som vert rekna som ein del av København):

Historie

Hollendarar vart invitert av Christian 2. til å dyrke grønnsakar på Amager i 1521. Dette var for å kunne forsyne København med grønnsakar.

Amager var fram til om lag 1970 òg staden der københavnarane deponerte avfall. Derfor vert øya stundom kalla «lorteøen» på folkemunne.