St George's Channel: Skilnad mellom versjonar
s «St George's Channel» flytt til «St. George's Channel» |
s robot la til: de:St. Georgskanal, ja:セントジョージ海峡 |
||
Line 20: | Line 20: | ||
[[cy:Sianel San Siôr]] |
[[cy:Sianel San Siôr]] |
||
[[de:St. Georgskanal]] |
|||
[[et:Saint George'i väin]] |
[[et:Saint George'i väin]] |
||
[[en:St George's Channel]] |
[[en:St George's Channel]] |
||
Line 27: | Line 28: | ||
[[lt:Šv. Jurgio sąsiauris]] |
[[lt:Šv. Jurgio sąsiauris]] |
||
[[nl:Sint-Georgekanaal]] |
[[nl:Sint-Georgekanaal]] |
||
[[ja:セントジョージ海峡]] |
|||
[[pl:Kanał Świętego Jerzego]] |
[[pl:Kanał Świętego Jerzego]] |
||
[[pt:Canal de São Jorge]] |
[[pt:Canal de São Jorge]] |
Versjonen frå 20. mars 2008 kl. 11:12
St. George's Channel (walisisk: Sianel San Siôr, irsk Muir Bhreatan) er sundet mellom Irskesjøen i nord og Atlanterhavet i sørvest. Historisk vart namnet nytta om farvatnet mellom Irland i vest og Wales og West Country i aust. Bristol Channel gjekk dermed ut i Saint George's Channel. Namnet vert i dag vanlegvis nytta om farvatnet rundt det smalaste området av sundet, mellom Carnsore Point i County Wexford og Saint David's Head i Pembrokeshire. Farvatnet lenger nord vert no rett og slett rekna som Den sørlege irskesjøen, medan farvatnet sør for sundet vert rekna som ein del av Det keltiske havet. I Irland snakkar ein derimot ofte om ein «tur over kanalen» når ein snakkar om til og frå Storbritannia.
Cape Cornwall ved sørvestenden av Cornwall er der St. George's Channel møter Den engelske kanalen. Kysten av St. George's Channel er kysten av Nord-Cornwall og Nord-Devon i West Country Pembrokeshire og Cardigan Bay i Wales og grevskapa Wexford, Waterford og Cork sør på Irland.
Av dyreliv i St. George's Channel finn ein brugde, delfin, nise, gråsel, lærskilpadde, hummer og andre dyr. Vatnet er reint og klårt og har mange matkjelder for desse dyra.
Namnet på sundet skal ha kome frå segnet om at St. George på 1300-talet reiste til Romersk Britannia frå Det osmanske riket og at han kom gjennom dette sundet.
Sjå òg
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen St George's Channel frå Engelsk Wikipedia .