Sylvia Brustad
Sylvia Brustad fødd 19. desember 1966 er ein norsk Arbeidarparti-politikar som har vore statsråd og stortingsrepresentant fleire gonger. Sidan juni 2008 har ho vore statsråd i Nærings- og handelsdepartementet. Før ho vart politikar på heiltid i 1989 arbeidde ho i eit par år som journalist.
Brustad er fødd i Elverum i Hedmark. Ho vart uteksaminert frå vidaregåande skule i 1983, og byrja deretter på medielinja ved Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole i Ringsaker i 1985. Då ho var ferdig der, i 1987 byrja ho å arbeide som journalist i bladet LO-aktuelt. Dette året vart ho også medlem av Hedmark fylkesting. Året etter byrja ho i Ap-bladet Aktuelt perspektiv. Deretter, i 1989, vart ho vald inn på Stortinget frå Hedmark. Ho har vore stortingsrepresentant i alle periodar sidan då. Brustad har vore varamedlem og medlem av ymse stortingskomitéar, i tillegg til leiar i Sosialkomiteen (1993–1996) og Kommunalkomiteen (1997–2000). Forutan varamedlem i ulike grupper og delegasjonar på Europa-nivå, har ho sidan 1998 vore delegat til Generalforsamlinga i SN, i tillegg til at ho var medlem av Europautvalet frå 1997 til 2000. Ho har også hatt tillitsverv i eige parti, som medlem av det kvinnepolitiske utvalet til Arbeidarpartiet (1990–1992) og seinare leiar (1992–1998). Dessutan har ho vore, og er, medlem i sentralstyret til Arbeidarpartiet (1992–1998, 2003– ).
Den fyrste regjeringsmedlemskapen sin fekk ho som barne- og familieminister i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. Då Arbeidarpartiet igjen kom i regjering i 2000, vart ho kommunal- og regionalminister (i regjeringa Stoltenberg I). I den noverande regjeringsperioden har ho hatt to ulike postar. Fyrst var ho helse- og omsorgsminister frå oktober 2005 til juni 2008, og sidan det har ho vore nærings- og handelsminister.
Kjelde
- Biografi på Stortinget.no
- Artikkelen «Sylvia Brustad» på Wikipedia på bokmål og riksmål.