Hopp til innhald

Yr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. september 2009 kl. 22:48 av Frokor (diskusjon | bidrag) (La til kategori "Tobokstavsord" (vha. HotCat))

Yr er ei jamn og lett form for nedbør. Dropestorleiken til yrdropar er mindre enn regndropar, vanlegvis rundt 0,5 mm i diameter eller mindre. Yr fell vanlegvis frå stratiforme (lagdelte) skyer, men kan i somme tilfelle falle frå låge cumulusskyer. Her til lands oppstår yr som regel i samband med varmfrontar, og då gjerne i varmsektoren mellom ein varmfront og ein kaldfront

Visst forholda ligg til rette for det kan ein om vinteren få underkjølt yr, der vassdropar med temperatur under frysepunktet fell ned til bakken og momentant frys til is.

Sjå òg