Hopp til innhald

Akropolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 28. mars 2006 kl. 17:03 av Gunnernett (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Akropolis er eit ord som tyder «byen på toppen», og kjem av at greske bønder i løpet av dei mørke hundreåra bygde små forsvarsverk på høgder i landskapen for å kunne rømme dit når framande hærar marsjerte over jorda deira.

Den nye greske sivilisasjonen var ikkje sentralstyrt, som den gamle høgkulturen, men delt inn i mange små, sjølvstyrte samfunn som vaks opp kring det lokale forsvarsverket (borga), akropolis.

Akropolis vart, etterkvart som den greske kulturen hevda seg igjen, ein viktig samlingsstad i polisstaten. Rett nedanfor akropolisen oppretta dei ofte små handelsstader eller marknader, agora, der varer vart bytta mellom bøndene og kanskje til og med med framandlandske handelsmenn. Byen vart med andre ord det militære og økonomiske maktsenteret i staten, trass i at det greske samfunnet framleis var eit agrart jordbrukssamfunn, og at makta hovudsakleg låg i henda på menn med store landeigedomar.

I heile det greske området reknar ein med at det fanst om lag 600 skilde polisstatar som ofte låg i konflikt med kvarandre om kvar grensene burde gå.

Kjelder