Hemnskjela
Hemnskjela | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Trondheimsleia |
Koordinatar | 63°29′24″N 09°07′33″E / 63.49000°N 9.12583°E
|
Areal | 4,6 km²
|
Høgaste punkt | Vettan (154 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Sør-Trøndelag
|
Demografi | |
Folketal | 94 (2001) |
Folketettleik | 20 /km² |
Hemnskjela (i daglegtale Hemnskjel) er ei øy i Snillfjord kommune i Sør-Trøndelag. Øya ligg like ved Sunde i SnillfjordSunde og dei to stadane var tidlegare knytt saman ved hjelp av ferjesambandet Sunde–Hemnskjel–Sandstad. I 1994 vart øya landfast både med fastlandet ved hjelp av Hemnskjelbrua, og med øya Hitra då Hitratunnelen opna.
Øya er 4,6 km² stor og har vel 100 innbyggjarar. Historisk har folketalet vore mykje høgare og var ved byrjinga av 1900-talet vel 250. Det meste av øya er fjell og myr. Øya ligg i innløpet til Hemnefjorden.
Funn av lekamar fra 12 000 år tilbake viser at øya si historie går tilbake til eldre steinalder. Funn av flintlekamar viser at øya var ein del av Fosnakulturen.
For vel 1100 år sidan gravde ein rik mann ned «Hemnskjelskatten» som vart gjenfunnet i 1952. Funnet er iet av de mest verdifulle samlingar av gull- og sølvsmykker som er funnet i Noreg. Ein halsring av sølv vegar 555 gram.
På øya finst òg spor frå den andre verdskrigen. Tyske okkupantar kom til øya i mai 1941 og bygde mellom anna to kystfort for å dekke Trondheimsleia, som ein del av den tyske Atlanterhavsvollen. På det meste husa øya mellom 600 og 800 tyske soldatar, samt 100 russiske krigsfangar.