Hopp til innhald

Tanzania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. november 2011 kl. 05:32 av LaaknorBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: kl:Tanzania)

Tanzania er ein stat i Afrika. Sidan 1996 har hovudstaden vore innlandsbyen Dodoma, medan den tidlegare hovudstaden, kystbyen Dar-es-Salaam, framleis hyser mange regjeringskontor.

Jamhuri ya Muungano wa Tanzania

(norsk: Tanzania, tanzaniansk)

Det tanzanianske flagget Det tanzanianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mungu ibariki Afrika»
Motto Swahili: Uhuru na Umoja (Fridom og einigheit)
Geografisk plassering av Tanzania
Offisielle språk Swahili
Hovudstad Dodoma (Dar es Salaam)
Styresett
Republikk
Samia Suluhu Hassan
-
Kassim Majaliwa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
947 300 km² (30.)
6,2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
53 950 935 (26.)
57 /km² (124.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
9. desember 1961 (Tanganyika)

19. desember 1963 (Zanzibar)

Nasjonaldag 26. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
138 300 mill. USD (74.)
3 300 USD (156.)
Valuta Tanzaniansk shilling
Tidssone UTC +3
Telefonkode +255
Toppnivådomene .tz



Historie

Kystlinja til Tanzania har vore prega av mykje strid, fyrst frå portugisarar og arabarar, seinare mellom ulike europeiske makter. Landet var tidlegare ein del av Tysk Austafrika, etter at fastlandet blei kolonisert av i 1891 og direkte styrt frå Tyskland. Landet Tanzania er eit resultat av den politiske unionen mellom fastlandet Tanganyika og øyane Zanzibar og Pemba. Dei to delane fekk sjølvstende frå Storbritannia kvar for seg, fastlandet i 1961 og øyane i 1963

Geografi

Kilimanjaro, det høgaste fjellet i Afrika, ligg i Tanzania, og landet har kystline mot Victoriasjøen.

Zanzibar er ei kjent øy som tilhøyrer Tanzania og ligg rett utanfor kysten.

Kart over Tanzania

Klima

Mykje av Tanzania er høgareliggande område som gjer at temperaturforholda vert ganske behaglege. Nedbøren kan derimot kome ganske uregelmessig, noko som tidlegare har ført til svoltkatastrofar. Som regel får ein tørkeperiodar i samband med El Niño-episodar. Det meste av låglandet og dei høgareliggande områda, inkludert Serengeti, får om lag 500 mm nedbør i året. Det meste av dette kjem i samband med torevêr i perioden frå november til mai. I områda der den søraustlege passatvinden bles opp mot fjella får ein derimot mykje meir nedbør, særleg i høgda rundt 2000-3000 m. Dei sørlege områda av fjellet Kilimanjaro får i overkant av 3000 mm i året.

Austkysten av Victoriasjøen og Tanganyika får òg ein god del nedbør i samband med torevêr, men her, som i det meste av Tanzania, er det i tillegg ein god del sol. Temperaturane varierer lite i løpet av året, og dei fleste områda bortsett frå dei høgaste har ein maksimumstemperatur mellom 25 og 31 °C året rundt. Dei lågaste temperaturane har ein i juni-august i samband med tørketida.

Ein sjeldan gong kan ein tropisk syklon ved Mosambikk gje kraftig vind og store nedbørsmengder på kysten av Tanzania. Like utafor kysten får øyane Zanzibar og Pemba om lag dobbelt så mykje nedbør som kystbyen Dar es Salaam

Økonomi

Tanzania er eit av dei fattigaste landa i verda. Jordbruk er den viktigaste næringa og står for halvparten av av BNP, 85 % av eksorten og sysselset 80 % av arbeidskrafta. Skiljet mellom rike og fattige er stort.

Verdsbanken og IMF har avsett fond for å rehabilitera den økonomiske infrastrukturen til Tanzani og lindra fattigdommen i landet. Sidan 1990-talet har det opplevd økonomisk vekst, mellom anna gjennom utvinning av gull, olje og naturgass.

ak:Tanzania