Hopp til innhald

St George's Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 9. mars 2013 kl. 11:14 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 29 interwikilenkjer som er flytte til d:q209688Wikidata)
Kart over Irskesjøen. St. George's Channel er den sørlege opninga til Atlaneterhavet.

St. George's Channel (walisisk: Sianel San Siôr, irsk Muir Bhreatan) er sundet mellom Irskesjøen i nord og Atlanterhavet i sørvest. Historisk vart namnet nytta om farvatnet mellom Irland i vest og Wales og West Country i aust. Bristol Channel gjekk dermed ut i Saint George's Channel. Namnet vert i dag vanlegvis nytta om farvatnet rundt det smalaste området av sundet, mellom Carnsore Point i County Wexford og Saint David's Head i Pembrokeshire. Farvatnet lenger nord vert no rett og slett rekna som Den sørlege irskesjøen, medan farvatnet sør for sundet vert rekna som ein del av Det keltiske havet. I Irland snakkar ein derimot ofte om ein «tur over kanalen» når ein snakkar om til og frå Storbritannia.

Cape Cornwall ved sørvestenden av Cornwall er der St. George's Channel møter Den engelske kanalen. Kysten av St. George's Channel er kysten av Nord-Cornwall og Nord-Devon i West Country Pembrokeshire og Cardigan Bay i Wales og grevskapa Wexford, Waterford og Cork sør på Irland.

Av dyreliv i St. George's Channel finn ein brugde, delfin, nise, gråsel, lærskilpadde, hummar og andre dyr. Vatnet er reint og klårt og har mange matkjelder for desse dyra.

Namnet på sundet skal ha kome frå segna om at St. George1300-talet reiste til Romersk Britannia frå Det osmanske riket og at han kom gjennom dette sundet.

Sjå òg

Kjelde