Øvre Eiker kommune
Øvre Eiker kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Hokksund | ||
Areal | 457 km² | ||
• land | 421 km² | ||
• vatn | 36 km² | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Ann Sire Fjerdingstad (H) | ||
Kommunenr. | 0624 | ||
Øvre Eiker 59°46′19″N 9°50′10″E / 59.771944444444°N 9.8361111111111°E | |||
Kart som viser Øvre Eiker kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Øvre Eiker | |||
Nettstad: www.ovre-eiker.kommune.no |
Øvre Eiker er ein kommune i Buskerud fylke. Saman med Nedre Eiker er han ein del av landskapet Eiker. Hokksund er kommunesenter og heimen til rundt halvparten av innbyggjarane i kommunen; andre bur i tettstadene Vestfossen, Skotselv, Ormåsen og Darbu.
Tusenårsstad
Tusenårsstaden til Øvre Eiker ligg i Hokksund, på austsida av Drammenselva, på den gamle sorenskrivartomta mellom «Hokksund Båt og Camping» og brua. Staden blei offisielt opna i juni 2005 samtidig med ei stor markering av hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Det er mellom anna sett opp ein eigen skulpturpark her der alle skular i kommunen har laga kvar sin skulptur. På tusenårsstaden er det òg eit museum om Nøstetangen glassverk og eit glasblåseri som har teke opp igjen arva frå det opphavlege glasverket.
Kjende personar frå Øvre Eiker
- Per Olaf Lundteigen, politikar
- Tore Tvedt, leiar i Vigrid
- Arne Nævra, naturfotograf
Bilete
-
Haug kyrkje på Hokksund har vore hovudkyrkje i Eiker frå gamalt av.
-
Paul Due sin monumentale stasjonsbygning på Hokksund
-
Fiskumelva
-
Sorenskrivargarden på Hokksund er museum for Nøstetangen glassverk