Hopp til innhald

Johannes Lid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 28. juli 2020 kl. 16:40 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Johannes Lid

Fødd11. januar 1886
Voss herad
Død29. september 1971
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdebotanikk
Yrkeskribent, botanikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleDagny Tande Lid
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Johannes Lid (11. januar 188629. september 1971) var ein norsk botanikar og forfattar frå Voss.

Han er best kjend for å ha skrive Norsk Flora. Boka var først utgjeven i 1944, og har komme i nye utgåver med rundt 10 års mellomrom, sist i 2005. Floraen dekkjer ville planter i Noreg. Boka har sidan ho kom vore rekna som standardverket for norsk flora. Ho er illustrert av Dagny Tande Lid, kona til forfattaren.

Johannes Lid har sett spor etter seg gjennom artsnamnet lidii eller lidianum og slektsnamnet Lidia.

Johannes Lid var bror av Nils og Brita Lid.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]