Wild Honey Pie
Wild Honey Pie Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 20. august 1968, EMI Studios i London | |
Sjanger | * Eksperimentell pop[1] | |
Lengd | 0:52 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | Lennon/McCartney | |
Tekstforfattar | Lennon/McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Wild Honey Pie» er ein kort song av The Beatles, skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut på det doble albumet The Beatles (White Album) i 1968.
Songen er berre 52 sekund lang og er ein av fleire korte songar på The Beatles. Songen er spesiell fordi McCartney gjorde alt på eiga hand utan at dei andre medlemmane i bandet medverka. George Harrison var på ferie i Hellas då innspelinga skjedde den 20. august 1968. Vokalen til McCartney er lagt på fleire gonger (fleirsporsinnspeling) og han speler alle instrumenta; bass, elektrisk gitar og 12-strengars akustiske gitarar, samt trommer. Teksten er enkel, berre tittelen som vert repetert fleire gonger: Honey Pie – Honey Pie …
McCartney har sagt dette om songen: «Vi var i ei eksperimentell stemning og eg sa, 'kan vi ikkje berre finne på noko?' Eg starta å spele på gitaren gitaren og lagde eit fleirsporseksperiment i kontrollrommet. Det er særs heimelaga, ingen stor produksjon i det heile. Eg berre gjorde dette korte stykket og la på fleirsporsharmoni til han og eit harmoni her og eit harmoni der og bygde han opp skulpturelt med mykje vibrato på gitarstrengane, verkeleg trekte som ein galen i strengane, derfor 'vill' i tittelen.»
Ifølgje McCartney skulle ikkje songen med på albumet, men kona til George Harrison, Pattie Boyd, likte han så godt at dei valde å ta han med.
Trass i at tittelen er lik, så har songen ingenting å gjere med songen «Honey Pie» frå same album.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – lead og korvokal[3], akustisk gitar, basstromme, anna perkusjon
- Personell per Ian MacDonald[4]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen har vorte spelt av fleire andre artistar:
- The Pixies i 1988, på deira album Pixies at the BBC som kom i 1998.
- Phish i 2002 på deira Live Phish 13-album.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Instrumentering og tekst for Wild Honey Pie Arkivert 2005-11-03 ved Wayback Machine.
- Alan W. Pollack om «Wild Honey Pie»
- Sitat om «Wild Honey Pie» og andre spor på The Beatles-albumet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wild Honey Pie» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2009.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- ↑ 1,0 1,1 Courrier, Kevin (2008). Artificial Paradise: The Dark Side of the Beatles' Utopian Dream: The Dark Side of the Beatles' Utopian Dream. ABC-CLIO. s. 215. ISBN 978-0-313-34587-6.
- ↑ Athitakis, Mark (September–October 2013). «A Beatles Reflection». Humanities. National Endowment of the Humanities. Henta 16. mars 2018.
- ↑ Miles 1997, s. 497.
- ↑ MacDonald 2005, s. 309.