Hopp til innhald

Jauhen Misjulja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. mars 2023 kl. 10:18 av Anne-Sophie Ofrim (diskusjon | bidrag) (Kjelder)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Jauhen Misjulja
Statsborgarskap Belarus
Fødd 13. mars 1964 (60 år)
Hrodna
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988
Utmerkingar Master of Sport of the USSR, International Class

Jauhen Misjulja, russisk: Jevgenij Nikolajevitsj Misjulja, (fødd 13. mars 1964) er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar frå Hrodna som vann EM-sølv og to VM-bronsar på 20-kilometer i åra 1991-95. Han representerte Sovjetunionen til 1991.

Misjulja kneip bronsemedaljen på 20 km ved verdsmeisterskapen i Tokyo i 1991, langt over halvminuttet bak vinnaren Maurizio Damilano frå Italia og sin eigen lagkamerat Mikhail Sjtsjennikov. Etter ein femteplass i VM 1993, gjekk Misjulja inn til sølvmedalje i europameisterskapen 1994 i Helsinki. Han måtte då på ny sjå seg frågått av Sjtsjennikov, i ei tevling der dei to utøvarane ikkje representerte Sovjetunionen men kvart sitt land, Kviterussland og Russland.

Misjulja vann VM-bronse nummer to i Göteborg-VM 1995, der han passerte målstreken 49 sekundar bakom italienaren Michele Didoni og 26 sekundar etter spanske Valentí Massana. Misjulja var aktiv heilt fram til Sommar-OL 2004 i Aten. I den ni sesongar lange perioden frå 1996 var to sjetteplassar hans beste prestasjonar, fyrst i VM 1997 og så i EM 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]