Hopp til innhald

Beatrice Faumuina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. april 2023 kl. 19:15 av Anne-Sophie Ofrim (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Beatrice Faumuina


Statsborgarskap New Zealand
Fødd 23. oktober 1974 (50 år)
Auckland
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 1994
Utmerkingar Offiser av New Zealands fortjenstorden

Beatrice Raoni Liua Faumuina (fødd 23. oktober 1974) er ein newzealandsk diskoskastar frå Auckland som vart verdsmeister i øvinga i 1997.

Faumuina gjorde sitt internasjonale gjennombrot i 1997. Den 4. juli vann ho diskostevlinga i Bislett Games i Oslo med sitt livslengste kast, målt til 68,52 meter. Vel ein månad seinare vann ho gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Aten med eit lengstekast på 66,82 m.

Sidan heldt Faumuina seg i verdstoppen i diskoskasting til 2005. Dei beste beste meisterskapsplasseringane fekk ho med ein femteplass i VM 1999, sjuandeplassen i OL 2004 i Aten og ein fjerdeplass i VM 2005. Både i 1998 og 2002 vart ho samveldemeister.

Faumuina la opp i 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]