Winter Wonderland
«Winter Wonderland» er ein vintersong, som regel rekna som ein julesong, skriven i 1934 av Felix Bernard (musikk) og Richard B. «Dick» Smith (tekst). Songen har vorte spelt inn av over 150 forskjellige artistar gjennom åra.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dick Smith, som kom frå Honesdale i Pennsylvania, skal ha vorte inspirert til å skrive songen etter eit snøfall i Central Park i Honesdale. Smith skreiv teksten medan han låg på West Mountain Sanitarium, der han vart behandla for tuberkulose.[1]
Den første innspelinga vart gjort av Richard Himber and his Hotel Ritz-Carlton Orchestra for RCA Bluebird i 1934. Mot slutten av ei innspeling der dei hadde tid til overs vart det foreslått at dei skulle prøve denne nye melodien. Studioorkesteret bestod av mange kjende studiomusikarar frå New York, mellom anna Artie Shaw. Guy Lombardo tok songen til Topp 10 på lista i USA.[2] Songaren Johnny Mercer nådde fjredeplassen på Billboard-lista i 1946. Same vinteren nådde Perry Como topp ti. Como spelte inn ein ny versjon av songen for julealbumet sitt frå 1959.
På grunn av vintertemaet vert «Winter Wonderland» ofte rekna som ein julesong, sjølv om jula ikkje vert nemnt i teksten. Ein nemner «sleigh-bells» (kanebjøller) fleire gonger, noko som indikerer at songen syner til juletida. På svensk heiter songen «Vår vackra vita vintervärld» der tomtar vert nemnde.
Innspelte versjonar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Winter Wonderland» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kunerth, Jeff (9. desember 2010). «The story behind Winter Wonderland». The Religion World (Orlando Sentinel).
- ↑ Guy Lombardo Chart Hits at TsorT.info
- ↑ Kikki Danielsson, Nu är det advent Henta 22. september 2013
- Songar frå 1934
- USA-amerikanske julesongar
- Bing Crosby-songar
- Bob Dylan-songar
- Burl Ives-songar
- Dolly Parton-songar
- Ella Fitzgerald-songar
- Kikki Danielsson-songar
- Louis Armstrong-songar
- Mormon Tabernacle Choir-songar
- Al Green-songar
- Annie Lennox-songar
- Aretha Franklin-songar
- Barry Manilow-songar
- Bert Kaempfert-songar
- Bette Midler-songar
- Billy Idol-songar
- Booker T & MGs-songar
- Brenda Lee-songar
- Carpenters-songar
- Chet Atkins-songar
- Chicago-songar
- The Cocteau Twins-songar
- Connie Francis-songar
- Cyndi Lauper-songar
- Dean Martin-songar
- Diana Krall-songar
- Diana Ross-songar
- Doris Day-songar
- Eddy Arnold-songar
- Elvis Presley-songar
- Engelbert Humperdinck-songar
- Etta James-songar
- Eurythmics-songar
- Frank Sinatra-songar
- Faith Hill-songar
- Garth Brooks-songar
- George Strait-songar
- Herb Alpert-songar
- James Taylor-songar
- Jamie Cullum-songar
- Jason Mraz-songar
- Jewel-songar
- Johnny Mathis-songar
- Jonas Brothers-songar
- Kenny G-songar
- Lionel Richie-songar
- Lou Rawls-songar
- Macy Gray-songar
- Mantovani-songar
- Michael Bolton-songar
- Michael Bublé-songar
- Miley Cyrus-songar
- Neil Diamond-songar
- Neil Sedaka-songar
- Ozzy Osbourne-songar
- Jessica Simpson-songar
- The Partridge Family-songar
- Pat Boone-songar
- Paul Anka-songar
- Paul Carrack-songar
- Peggy Lee-songar
- Percy Faith-songar
- Perry Como-songar
- The Platters-songar
- Radiohead-songar
- Randy Travis-songar
- Ray Charles-songar
- Ray Conniff-songar
- Ringo Starr-songar
- Rod Stewart-songar
- The Ronettes-songar
- Smokey Robinson-songar
- Tanya Tucker-songar
- Toby Keith-songar
- Tony Bennett-songar
- Willie Nelson-songar
- America-songar