Hopp til innhald

Røssvatnet

Koordinatar: 65°46′34″N 14°01′57″E / 65.77611°N 14.03250°E / 65.77611; 14.03250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. mai 2023 kl. 21:37 av Torbjørn Ekholm (diskusjon | bidrag) (Språkvask.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Røssvatnet
(Reevhtse)
innsjø
Røssvatnet sett frå Hattfjelldal mot Lukttinden og Dårtinden
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommunar Hattfjelldal, Hemnes
Høgd over havet 371–383 moh.
Areal 190−218,61 km²
Middeldjupn 66,3−67,7 m
Største djupn 231−240 m
Volum 12,6−14,8 km³
Kystlengd1 256,37 km
Koordinatar 65°46′34″N 14°01′57″E / 65.77611°N 14.03250°E / 65.77611; 14.03250
Kart
Røssvatnet
65°47′03″N 14°00′30″E / 65.78406°N 14.00832°E / 65.78406; 14.00832
Wikimedia Commons: Røssvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Røssvatnet i Nordland er med eit areal på 219 km² den nest største innsjøen i Noreg. Innsjøen har det sørsamiske namnet Reevhtse.[1]

Røssvatnet ligg i kommunane Hattfjelldal og Hemnes i Nordland fylke, 383 meter over havet. Røssvatnet renn ut i Ranfjorden ved Korgen gjennom Røssåga. Vatnet vart regulert i 1957. Ved reguleringa vart vatnet demt opp 9 meter, og arealet auka slik at Røssvatnet passerte Femunden på lista over dei største innsjøane i Noreg. Tustervatnet blei no ein del av innsjøen. Magasinvolumet er noko større (2,3 milliardar kub. m.), enn oppdemma volum (2,2 milliardar kub. m.).

Ved Røssvatnet er det funne spor av busetjing heilt attende til steinalderen. Gardane langs Røssvatnet vart i hovudsak rydda utover 17- og 1800-talet. Mange av dei mista mykje dyrka jord ved reguleringa på 1950-talet.

Flyfoto av den nordlege delen av Røssvatnet
  1. «Røssvatnet». Faktaark. Kartverket. Henta 9. november 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]