Hopp til innhald

Etternamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. desember 2023 kl. 07:48 av XXBlackburnXx (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endringa gjord av 2A02:3036:263:D1C3:ECA2:615:238E:2C51 (diskusjon) til siste versjonen av NjardarBot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Etternamn er ein del av eit personnamn som vert bruka etter fornamnet, som eit tillegg til dette. I Noreg brukast nemninga i dag nærast synoymt med slektsnamn.

Før namnelova av 1923 fanst det likevel ulike former for etternamn i Noreg:

  • Patronym som var laga av farsnamnet og endinga -son eller -dotter (evt -søn, -sen eller datter)
  • Gardsnamn som ein tok etter garden, bruket eller plassen ein bodde på.
  • Slektsnamn som følgde slekta (typisk Winter, Sverdrup, Ibsen)

Etter kvart som skikken med å ta slektsnamn breidde om seg, vart tidlegare patronym og namn på gardar der familien tidlegare hadde budd bruka som slektsnamn i mange familiar.

Mindre vanleg i Noreg, men svært vanleg lenger sør i Europa, har vore å ha yrkestittelen som etternamn. Det best kjende dømet er Smith (smed) i England, som er det vanlegaste etternamnet der.