Hopp til innhald

Verdscupen i skiskyting 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. mars 2024 kl. 08:32 av Migne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Verdscupen i skiskyting 1980''' tok til den 18. januar og vart avslutta 30. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Ruhpolding (3) i Vest-Tyskland, Antholz (3) i Italia, Lahti (3) i Finland, Hedanäset (3) i Sverige og ved Murmansk (3) i dåverande Sov…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Verdscupen i skiskyting 1980 tok til den 18. januar og vart avslutta 30. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Ruhpolding (3) i Vest-Tyskland, Antholz (3) i Italia, Lahti (3) i Finland, Hedanäset (3) i Sverige og ved Murmansk (3) i dåverande Sovjetunionen. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom landsmennene Klaus Siebert og Eberhard Rösch. Ullrich vann fire av tevlingane, Siebert vann tre tevlingar. Aust-Tyskland vann dei fire siste stafettane, Noreg vann den fyrste.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank Ullrich  Aust-Tyskland 148 4
2 Klaus Siebert  Aust-Tyskland 146 3
3 Eberhard Rösch  Aust-Tyskland 133 1
4 Vladimir Gavrikov  Sovjetunionen 129 2
5 Mathias Jung  Aust-Tyskland 127
6 Rudolf Horn  Austerrike 83
7 Anatolij Aljabjev  Sovjetunionen 79
8 Terje Krokstad  Noreg 75
9 Manfred Beer  Aust-Tyskland 73
10 Vladimir Velitsjkov  Bulgaria 70