Boris Sjilkov
Boris Sjilkov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 28. juni 1927 Arkhangelsk |
Død |
27. juni 2015 (87 år) |
Yrke | skøyteløpar |
Språk | russisk |
Boris Sjilkov på Commons |
Boris Arsenjevitsj Sjilkov (28. juni 1927–27. juni 2015) var ein russisk skeiseløpar frå Arkhangelsk som representerte Sovjetunionen. Han vart både europameister og verdsmeister i 1954, og vann gullmedaljen på 5 000 meter under Vinter-OL 1956.
Sjilkov kom på andreplass etter landsmannen Oleg Gontsjarenko då VM 1953 fann stad i finske Helsinki. I 1954-sesongen steig han til topps på sigerspallen både ved EM i Davos og VM i Sapporo, framom høvesvis Hjalmar Andersen i Davos og nemnde Gontsjarenko i Sapporo. Året etter stod Sjilkov tredjeplassert etter VM i Moskva, bak svenske Sigge Ericsson og Gontsjarenko.
Den 9. januar 1955, på Medeo-bana ved Alma Ata, sette Sjilkov verdsrekord på 5 000 meter med tida 7.45,6. Mange i det norske skeisemiljøet nekta å tru på rekordtida, sidan det var ei rekordforbetring på heile 18 sekundar. Sesongen etter prova Sjilkov under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo at rekordtida faktisk kunne vere rett, han vann då OL-gullet på 5 000 meter etter å ha kome i mål på tida 7.48,7, heile åtte sekundar betre enn sølvvinnar Sigge Ericsson.
Under skeise-VM 1957 i svenske Östersund låg Sjilkov an til å vinne laurbærkransen, men eit framifrå milløp av norske Knut Johannesen førte til at han enda på andreplassen.
Sjilkov la opp etter 1958-sesongen. Han døydde i St. Petersburg.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Boris Sjilkov» frå Wikipedia på nederlandsk, den 13. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1927
- Døde i 2015
- Sovjetiske skeiseløparar
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956
- Skeiseløparar under vinter-OL 1956