Fristaden Christiania
55°40′25.975″N 12°36′1.0368″E / 55.67388194°N 12.600288000°E
- Denne artikkelen handlar om fristaden Christania i Danmark. For Oslo sitt tidlegare namn, sjå Christiania.
Christiania | |||
fristad | |||
|
|||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Fristaden Christiania 55°40′25″N 12°35′59″E / 55.673588888889°N 12.599711111111°E | |||
Wikimedia Commons: Christiania (Copenhagen) |
Christiania er eit område ved festningsvollane på Christianshavn i København. Skiftande regjeringar har godteke stor grad av sjølvstyre på området, mot at restaurantar og andre firma betalar meirverdiavgift (moms) på omsetnaden. Øvste styringsorgan er allmøtet.
Innbyggjarane, som okkuperte den nedlagde militærkasernen der i 1971, ser på området som ein fristad, og brukar namnet Fristaden Christiania, Det fri Christiania eller det færøyske namnet Frístaðurin Christiania.[treng kjelde] Dei har laga eigne lover og sitt eige flagg, og kallar seg christianitter.
Hasj vart omsett openlyst i Christiania fram til 2004, og vert ikkje sett på som narkotika av innbyggjarane, medan andre narkotiske stoff er bannlyst.
Bilar er ikkje tillatne på området.
Namnet Christiania kjem frå nemninga christianitt, som opphavleg var ein innfødd frå bydelen Christianshavn.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
Bakgrunnsstoff
- Side om Bevar Christiania Arkivert 2007-11-12 ved Wayback Machine.
- Side om Christiania