Nettvenger
Nettvenger | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Overorden: | Neuropteroidea | |
Orden: | Neuroptera | |
Vitskapleg namn | ||
Neuroptera |
Nettvenger (Neuroptera, tidlegare Planipennia) er ei orden insekt som vert kjenneteikna av særs velutvikla årenettverk i vengene sine. Til gruppa høyrer mellom anna gullaugo, maurløver, bladlusløver, middløver og svampfluger.
Ho omfattar 4 550 beskrivne artar på verdsbasis. 55 av desse er funne i Noreg.
Kjenneteikn
Nettvenger har blaute kroppar utstyrt med to like par med sterkt nettmønstra venger dei heldt over kroppen som eit telt i kvilestilling. Munndelane er bitande/tyggande. Bakkroppen består av ti segment og manglar haletråder.
Nettvengene har fullstendig forvandling, og larvane har velutvikla bein. Somme artar har larvar med stikkande/sugande munndelar, medan andre berre bit. Dei skil ut silke gjennom anus frå dei malpighiske røyra når dei forpuppar seg. Eit spesielt trekk ved nettvengepuppar er at dei ofte har funksjonelle bein og mandiblar (eit slags ytre kjevar). Dei kan såleis bevega seg rundt, men utan å ta til seg føde.
Levesett
Nettvengene er ei stor og kompleks gruppe, men dei har ein del fellestrekk. Dei vaksne insekta er som regel predatorar på andre insekt, typisk bladlus eller maur. Mange artar er difor viktige innanfor biologisk kontroll.
Systematikk
Ein tenkjer seg at nettvengene høyrer til ordenen Neuropteroidea, saman med mudderfluger Megaloptera og kamelhalsfluger Raphidioptera.
- overorden Neuropteroidea
- orden Nettvenger (Planipennia / Neuroptera)
- overfamilie Coniopterygoidea
- familien Middløver, (Coniopterygidae)
- overfamilie Osmyloidea
- familien Vassmaurløver, (Osmylidae) - Ingen norske artar
- familien Svampefluger, (Sisyridae)
- overfamilie Hemerobioidea
- familien Bladlusløver, (Hemerobiidae)
- familien Gullaugo, (Chrysopidae)
- overfamilie Myrmeleontoidea
- familien Maurløver, (Myrmeleontidae)
- familien Sommerfuglnettvenger, (Ascalaphilidae) - Ingen norske artar
- familien «Knelarnettvenger», (Mantispidae) - Ingen norske artar
- familien Nemopteridae, (Har ikkje norsk namn) - Ingen norske artar
- overfamilie Coniopterygoidea
- orden Nettvenger (Planipennia / Neuroptera)
Kjelder
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
- Norsk Entomologisk Forening