Westerschelde
Westerschelde er estuaret til elva Schelde sørvest i Nederland. Elva hadde ein gong fleire estuar, men desse heng ikkje lenger saman med Schelde slik at Westerschelde i dag er den einaste direkte vegen til sjøen. Westerschelde er ei viktig transportåre til hamna i Antwerpen derfor er elva, i motsetnad til fleire av dei andre greinene ikkje lukka av ei demning som ein del av Deltaprosjektet. I staden for er dika rundt elva gjort høgare og sterkare.
Mange skip har forlist i Westerschelde. I samband med ein avtale mellom Nederland og Flandern i 1995 vart mange av desse vraka fjerna for å betre tilgangen til Antwerpen. Dei siste 38 vraka vart fjerna i løpet av 2003. Det største vraket var den 131 meter lange «Alan A. Dale» som vart fjerna i juni 2003.
Westerschelde-tunnelen
I midten av mars 2003 vart det opna ein 6,6 km lang tunnel under Westerschelde frå Ellewoutsdijk (Borsele kommune) i Zuid-Beveland til Terneuzen i Zeeuws-Vlaanderen. Det er den lengste tunnelen i Nederland og kostar 4,50 euro (2007) i bompengar for bilar og motorsyklar.
Ferje
Det går ferjer mellom Flushing og Breskens. Tidlegare var dette bilferjer, men etter tunnelen opna er desse berre tilgjengeleg for passasjerar og syklistar.
Bakgrunnsstoff
- Ferje Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Tunnel Arkivert 2004-01-31 ved Wayback Machine.
- Ferje og tunnel Arkivert 2003-03-21 ved Wayback Machine.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Western Scheldt» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2008.