Frihetens regn
Regi | Frank Darabont | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Niki Marvin | ||
Manus | Frank Darabont, Stephen King | ||
Basert på | Rita Hayworth and Shawshank Redemption | ||
Medverkande | Tim Robbins, Morgan Freeman, Bob Gunton, William Sadler, James Whitmore, Clancy Brown, Gil Bellows, Mark Rolston, Jeffrey DeMunn, Jude Ciccolella, David Proval, Paul McCrane, Frank Medrano, Larry Brandenburg, Ned Bellamy, Don McManus, Brian Delate, John Horton, Alfonso Freeman, Bill Bolender | ||
Klipp | Richard Francis-Bruce | ||
Musikk | Thomas Newman | ||
Sjeffotograf | Roger Deakins | ||
Produksjonsselskap | Columbia Pictures, Castle Rock Entertainment | ||
Distributør | Columbia Pictures, Netflix, iTunes | ||
Utgjevingsdato | 23. september 1994 (USA), 10. september 1994,[1] 9. mars 1995 (Tyskland),[2] 1. mars 1995 (Frankrike), 6. juli 1995 (Tsjekkia), 1994 | ||
Lengd | 142 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 28 817 291 US-dollar (verdsfemnande),[3] 28 767 189 US-dollar (USA)[4] | ||
Sjanger | dramafilm, buddy-film, fengselfilm, Krim(film), filmar som byggjer på litterære verk |
Frihetens regn (originaltittel: The Shawshank Redemption) er ein amerikansk dramafilm frå 1994, skriven og regissert av Frank Darabont og basert på novellen Rita Hayworth and Shawshank Redemption av Stephen King. Hovudrollene blir spela av Tim Robbins (Andy Dufresne) og Morgan Freeman (Ellis Redding).
Filmen skildrar hovudsakleg Andy sitt liv i fengsel etter at han er dømd for mordet på kona si og elskaren hennar, trass i at han hevdar å vere uskuldig.
Om filmen
[endre | endre wikiteksten]Frihetens regn er røysta fram til ein av tidenes beste filmar i fleire avrøystingar, blant anna på Internet Movie Database. Per januar 2009 ligg han på 1-plass med karakteren 9,2 (av 10) med om lag 400 000 røyster.[5] Likevel syns mange kritikarar at han er veldig overvurdert.
Filmen var nominert til heile sju Oscar, blant andre Morgan Freeman for beste mannlege hovudrolle, men vann ingen.
Rolleliste
[endre | endre wikiteksten]- Tim Robbins: Andy Dufresne
- Morgan Freeman: Ellis Boyd "Red" Redding
- Bob Gunton: Warden Samuel Norton
- William Sadler: Heywood
- Clancy Brown: Captain Byron Hadley
- Gil Bellows: Tommy Williams
- Mark Rolston: Bogs Diamond
- James Whitmore: Brooks Hatlen
- Jeffrey DeMunn: District Attorney (1946)
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.nndb.com/films/748/000033649/.
- ↑ http://www.zelluloid.de/filme/index.php3?id=1002; vitjingsdato: 10. mars 2018.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0111161/?ref_=bo_se_r_1; Box Office Mojo; vitjingsdato: 18. desember 2021.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0111161/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 30. mai 2022.
- ↑ Internet Movie Database
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Filmmanuskriptet – varierer noko frå den endelege versjonen
- Frihetens regn Arkivert 2007-10-11 ved Wayback Machine. hos Arts & Faith Top100 Spiritually Significant Films Arkivert 2006-07-20 ved Wayback Machine.-liste
- Filmmelding frå The Washington Post
- Filmmelding frå PrisonFlicks.com