Airbus A380
Airbus A380 | |
Informasjon | |
---|---|
Type | Passasjerfly |
Produsentnamn | Airbus |
Produsert | 2006 – i dag |
Passasjerar | 555 – 840 |
Mannskap | 2 |
Spesifikasjonar | |
Lengd | 73 m |
Høgd | 24,1 m |
Vengespenn | 79,8 m |
Vengeareal | 845 m² |
Masse utan last | 276 800 kg |
Maksfart | 940 km/t |
Marsjfart | 860 km/t |
Marsjhøgd | 11 000 m |
Rekkjevidd | 14 000 km |
Klatrefart | – m/min |
Airbus A380 | |
Airbus A340 Airbus A350 |
Airbus A380 er det største passasjerflyet i verda. Det har to etasjar, brei buk og fire jetmotorar, og blir laga av den europeiske flyprodusenten Airbus.[1][2]
Flyet vart sett i kommersiell drift i 2007. Flyet vart lansert under ein seremoni i Toulouse tysdag 18. januar 2005 og flaug fyrste gong 27. april 2005 kl. 10.30.
A380, som er utvikla av Airbus Industrie, vart bestilt av fleire flyselskap: Lufthansa, Emirates Airlines, Singapore Airlines, Air France, Qantas, Virgin Atlantic Airways, Korean Air, Qatar Airways og International Lease Finance Corporation. Samtidig med at dei fyrste prototypane av flyet var klare — i juli 2004 — bestilte Etihad Airways fire fly for levering i 2007.
Spesifikasjonar
[endre | endre wikiteksten]Den nye modellen ville i utgangspunktet bli levert i to utgåver; A380-800 og A380-800F. A380-800 har plass til 555 passasjerar over tre klassar og ei rekkjevidd på 14 800 km, medan A380-800F er eit reint lastefly med 10 400 km rekkjevidd og plass til 150 tonn varer.
Airbus heldt fram med å lage cockpiten så lik dei tidlegare modellane som mogleg. På den måten kostar det mindre å læra opp pilotar, i tillegg til at flyginga blir tryggare når mannskapet berre må kjenne til eitt sett med prosedyrar for korleis flyet skal handterast.
Tekniske data
[endre | endre wikiteksten]- Mannskap: 2
- Dimensjonar
- Lengd: 73 m
- Høgd: 24,1 m
- Vingespenn: 79,8 m
- Vingeareal: 845 m²
- Masse
- Utan last: 280 tonn
- Maks. masse v/avgang: 560 tonn
- Kapasitet: 555–840 passasjerar, avhengig av antal klassar
- Motorar: 4 stk Rolls-Royce Trent 900 eller Engine Alliance GP7200 turbojetmotorar
- Hastigheit
Materialbruk
[endre | endre wikiteksten]Skrog
Airbus A380 vil bruke laminatkompositten glare i dei øvre delane av skroget. I dei nedre vil plater av dei relativt nyutvikla aluminiumlegeringane AA6013 og AA6056 bli brukte. Desse platene vil vere sveisa med lasersveising eller Friction Stir Welding, i staden for tradisjonell nagling.
Haleror
I staden for aluminium, er det brukt komposittmaterial i haleroret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ How EADS Became Airbus, arkivert frå originalen 17. juni 2016
- ↑ «Airbus Industrie», britannica.com, arkivert frå originalen 11. oktober 2016
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisell heimeside Arkivert 2005-02-09 ved Wayback Machine.
- Aircraft-Info.net - Airbus A380
- Airbus og WTO
- Airbus A-380 galleri Arkivert 2005-02-04 ved Wayback Machine.
- Bilder av A380 frå Airliners.net