Tik
Utsjånad
- Sjå òg den greske dansen Tik og treslaget teak. «Tik» kan i tillegg vera eit omgrep for hodyr av hund, rev, ulv og sau.
Ein tik (hebr. תִּיק [tīq]), flt. tikkím, er ein lukka sylinder av tre eller metall som blir bruka til å omslutte torárullar og lagre dei i blant mange jødiske grupper. Tikkím er særleg vanlege i romaniotisk jødedom, italkisk jødedom, mizrahisk jødedom og samaritansk religion, men dei er òg relativt vanlege blant sefardiske jødar i Nord-Afrika. Det sefardiske samfunnet kring Hamburg og Schleswig-Holstein bruka òg tikkím — kanskje som resultat av påverknad frå italienske eller nordafrikanske jødar.