Verdscupen i skiskyting 1980
Verdscupen i skiskyting 1980 tok til den 18. januar og vart avslutta 30. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Ruhpolding (3) i Vest-Tyskland, Antholz (3) i Italia, Lahti (3) i Finland, Hedanäset (3) i Sverige og ved Murmansk (3) i dåverande Sovjetunionen. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.
Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom landsmennene Klaus Siebert og Eberhard Rösch. Ullrich vann fire av tevlingane, Siebert vann tre tevlingar. Aust-Tyskland vann dei fire siste stafettane, Noreg vann den fyrste.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Frank Ullrich | Aust-Tyskland | 148 | 4 |
2 | Klaus Siebert | Aust-Tyskland | 146 | 3 |
3 | Eberhard Rösch | Aust-Tyskland | 133 | 1 |
4 | Vladimir Gavrikov | Sovjetunionen | 129 | 2 |
5 | Mathias Jung | Aust-Tyskland | 127 | |
6 | Rudolf Horn | Austerrike | 83 | |
7 | Anatolij Aljabjev | Sovjetunionen | 79 | |
8 | Terje Krokstad | Noreg | 75 | |
9 | Manfred Beer | Aust-Tyskland | 73 | |
10 | Vladimir Velitsjkov | Bulgaria | 70 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 1979/80» frå Wikipedia på tysk, den 24. mars 2024.