Hopp til innhald

Cisticola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cisticola
Cistussongar, Cisticola juncidis Foto: Thomas J. Haslam
Cistussongar, Cisticola juncidis
Foto: Thomas J. Haslam
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Grassongarar Cisticolidae
Slekt: Cisticola
Kaup, 1829

Cisticola er ei biologisk slekt av særs små insektetande fuglar tidlegare klassifisert i songarfamilien, Sylviidae, men no vanlegvis i sin eigen familie grassongarar, Cisticolidae, saman med ca. 21 andre sørlege songfuglslekter. Ein trur dei er nærskylde med svaler, bylbylar og brillefuglar. Slekta inneheld rundt 50 artar, av dei berre to som ikkje finst i Afrika: gassarcistussongarMadagaskar og gyllengrassongar frå Asia til Australasia.

Slektsnamnet, Cisticola, tyder innbyggjar ('-cola') av ei voven korg ('cista-'), med vising til det fint vove reiret av cistussongar, den mest utbreidde arten i slekta.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Cisticolas er utbreidd gjennom tropiske og subtropiske område av «den gamle verda». Afrika, som er leveområdet for nesten alle artar i slekta, er det mest sannsynlege utgangspunktet for heile familien. Cisticolas er vanlegvis standfuglar med dei fleste artane knytt til og ofte gjenkjenneleg av leveområdet deira.

Slekta nyttar ei rekkje typar av opne habitat. Desse omfattar våtmarker, fuktig eller tørrare grasland, opne eller steinete fjellsider, og menneskemodifiserte habitat som vegkantar, dyrka jord, nedhogne område eller beitemark. Artane som føretrekker våtmarksområde kan ein finne i randsona av mangrove, eller i papyrus, anna siv, eller område med dunkjevlar. Cisticolas er generelt ganske vanleg innanfor det som er står att av dei føretrekte habitata deira.

Cistussongar er utbreidd i alle tropiske område og hekkar jamvel i Sør-Europa. Ved fleire høve har han blitt observert som streiffugl nord til England.

Utsjånad og vaner

[endre | endre wikiteksten]
Gyllengrassongar, Cisticola exilis, med reir

På grunn av den litle storleiken på rundt 10 cm og den brunlege fjørdrakta, er det lettare å høyre enn å sjå fuglane i denne slekta. Likskapen i fjørdrakta mellom mange arter i slekta kan gjere dei vanskeleg å identifisere, spesielt om vinteren då dei sjeldan kjem ut av graset. Særleg er mange afrikanske artar vanskeleg å skilje anna enn av læte deira.

Hannar av Cisticolas er polygame. Hoa byggjer eit godt skjult reir i djupt i gras. Den gjennomsnittlege storleiken på kullet er ca fire egg, rugetida er ca. to veker. Den parasittiske vevaren gaukvevar har spesialisert seg på Cisticolas og Prinias.

Alle artar i slekta Cisticola i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Raudmaskegrassongar, Cisticola erythrops, Red-faced Cisticola, Hartlaub, 1857, (LC)
  • Kantorgrassongar, Cisticola cantans, Singing Cisticola, Heuglin, 1869, (LC)
  • Plystregrassongar, Cisticola lateralis, Whistling Cisticola, Fraser, 1843, (LC)
  • Skvaldregrassongar, Cisticola anonymus, Chattering Cisticola, von Müller, 1855, (LC)
  • Trillegrassongar, Cisticola woosnami, Trilling Cisticola, Ogilvie-Grant, 1908, (LC)
  • Boblegrassongar, Cisticola bulliens, Bubbling Cisticola, Lynes, 1930, (LC)
  • Umbragrassongar, Cisticola chubbi, Chubb's Cisticola, Sharpe, 1892, (LC)
  • Kikuyugrassongar, Cisticola hunteri, Hunter's Cisticola, Shelley, 1889, (LC)
  • Svarttyglegrassongar, Cisticola nigriloris, Black-lored Cisticola, Shelley, 1897, (LC)
  • Markgrassongar, Cisticola aberrans, Rock-loving Cisticola, Smith, 1843, (LC)
  • Boranagrassongar, Cisticola bodessa, Boran Cisticola, Mearns, 1913, (LC)
  • Torngrassongar, Cisticola chiniana, Rattling Cisticola, Smith, 1843, (LC)
  • Grågrassongar, Cisticola cinereolus, Ashy Cisticola, Salvadori, 1888, (LC)
  • Rustkronegrassongar, Cisticola ruficeps, Red-pate Cisticola, Cretzschmar, 1827, (LC)
  • Hausagrassongar, Cisticola guinea, Dorst's Cisticola, Chappuis & Erard, 1991, (LC)
  • Bleikbryngrassongar, Cisticola rufilatus, Tinkling Cisticola, Hartlaub, 1870, (LC)
  • Gråryggrassongar, Cisticola subruficapilla, Red-headed Cisticola, Smith, 1843, (LC)
  • Jamregrassongar, Cisticola lais, Wailing Cisticola, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC)
  • Tanagrassongar, Cisticola restrictus, Tana River Cisticola, Traylor, 1967, (DD)
  • Knarregrassongar, Cisticola njombe, Churring Cisticola, Lynes, 1933, (LC)
  • Surregrassongar, Cisticola marginatus, Winding Cisticola, von Heuglin, 1869, (LC)
  • Etiopiagrassongar, Cisticola lugubris, Ethiopian Cisticola, Rüppell, 1840, (LC)
  • Kystgrassongar, Cisticola haematocephalus, Coastal Cisticola, Cabanis, 1868, (LC)
  • Zambiagrassongar, Cisticola luapula, Luapula Cisticola, Lynes, 1933, (LC)
  • Skurregrassongar, Cisticola galactotes, Rufous-winged Cisticola, Temminck, 1821, (LC)
  • Kvitregrassongar, Cisticola pipiens, Chirping Cisticola, Lynes, 1930, (LC)
  • Sumpgrassongar, Cisticola carruthersi, Carruthers's Cisticola, Ogilvie-Grant, 1909, (LC)
  • Ringlegrassongar, Cisticola tinniens, Levaillant's Cisticola, Lichtenstein, 1842, (LC)
  • Grovgrassongar, Cisticola robustus, Stout Cisticola, Rüppell, 1845, (LC)
  • Kvekkegrassongar, Cisticola natalensis, Croaking Cisticola, Smith, 1843, (LC)
  • Fløytegrassongar, Cisticola fulvicapilla, Piping Cisticola, Vieillot, 1817, (LC)
  • Aberdaregrassongar, Cisticola aberdare, Aberdare Cisticola, Lynes, 1930, (VU)
  • Miombograssongar, Cisticola angusticauda, Tabora Cisticola, Reichenow, 1891, (LC)
  • Svarthalegrassongar, Cisticola melanurus, Slender-tailed Cisticola, Cabanis, 1882, (DD)
  • Vislegrassongar, Cisticola brachypterus, Siffling Cisticola, Sharpe, 1870, (LC)
  • Rustgrassongar, Cisticola rufus, Rufous Cisticola, Fraser, 1843, (LC)
  • Revegrassongar, Cisticola troglodytes, Foxy Cisticola, Antinori, 1864, (LC)
  • Alvegrassongar, Cisticola nana, Tiny Cisticola, Fischer & Reichenow, 1884, (LC)
  • Cistussongar, Cisticola juncidis, Zitting Cisticola, Rafinesque, 1810, (LC)
  • Sokotracistussongar, Cisticola haesitatus, Socotra Cisticola, Sclater & Hartlaub, 1881, (NT)
  • Gassarcistussongar, Cisticola cherina, Madagascar Cisticola, Smith, 1843, (LC)
  • Ørkengrassongar, Cisticola aridulus, Desert Cisticola, Witherby, 1900, (LC)
  • Himmelgrassongar, Cisticola textrix, Cloud Cisticola, Vieillot, 1817, (LC)
  • Mørkryggrassongar, Cisticola eximius, Black-backed Cisticola, Heuglin, 1869, (LC)
  • Flomgrassongar, Cisticola dambo, Cloud-scraping Cisticola, Lynes, 1931, (LC)
  • Brungrassongar, Cisticola brunnescens, Pectoral-patch Cisticola, Heuglin, 1862, (LC)
  • Kanelgrassongar, Cisticola cinnamomeus, Pale-crowned Cisticola, Reichenow, 1904, (LC)
  • Smellegrassongar, Cisticola ayresii, Wing-snapping Cisticola, Hartlaub, 1863, (LC)
  • Gyllengrassongar, Cisticola exilis, Golden-headed Cisticola, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. september 2020 
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/