Myggetarar
Myggetarar | |
Perumyggetar, Conopophaga peruviana | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Myggetarar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Myggetarar Conopophagidae P.L. Sclater & Salvin, 1873 |
Myggetarar, Conopophagidae, er ein familie av sporvefuglar med utbreiing i Sør-Amerika. Dette er ein familie på 10 artar i to slekter Conopophaga og pittasoma. [1] Det finst relativt lite kunnskap og få studiar om myggetarar grunna fjerne og uklåre habitat for artane.
Myggetarar har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng. Somme artar lever i tett kratt, andre i meir open skog. Men alltid mellom bakken og ca. 1,5 m over bakken, sjeldan direkte på bakken med unntak for å snappe føde.
Fuglane har ei rund kroppsform, har kort stjert, lange bein og står oftast oppreist. Dei er frå 12 til 18 cm i lengd. Kjønna har ulike fjørdrakter, hannane har attraktive fargar i raude og brune nyansar. Dei fleste artane har ein kvit dott bak augo.
Som namnet seier er desse artane insektetarar. To metodar for å fange byttet er vanlege; den eine er å slå seg ned litt over skogbotnen og for søkje bytte og så kaste seg ned for å snappe det. Den andre metoden er å plukke insekt direkte frå bladverk, trestammar og greiner av låg vegetasjon. Typiske byttedyr omfattar kongroer, larver, grashopper og biller. Ein har observert at individ av enkelte artar et frukt og i eitt døme ein frosk.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Myggetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Conopophaga
- Rustmyggetar, Conopophaga lineata, Rufous Gnateater, LC, Wied, 1831
- Amazonmyggetar, Conopophaga aurita, Chestnut-belted Gnateater, LC, Gmelin, 1789
- Hettemyggetar, Conopophaga roberti, Hooded Gnateater, LC, Hellmayr, 1905
- Svartbrystmyggetar, Conopophaga melanogaster, Black-bellied Gnateater, LC, Ménétries, 1835
- Perumyggetar, Conopophaga peruviana, Ash-throated Gnateater, LC, Des Murs, 1856
- Andesmyggetar, Conopophaga castaneiceps, Chestnut-crowned Gnateater, LC, Sclater, 1857
- Skifermyggetar, Conopophaga ardesiaca, Slaty Gnateater, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837
- Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops, Black-cheeked Gnateater, LC, Vieillot, 1818
Slekt Pittasoma
- Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri, Black-crowned Antpitta, LC, Cassin, 1860
- Rustkronemaurpitta, Pittasoma rufopileatum, Rufous-crowned Antpitta, NT, Hartert, 1901
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ South American Classification Committee (SACC) i American Ornithologists' Union har i 2005 flytta dei to artane i slekta Pittasoma frå Formicariidae til Conopophagidae i sin systematikk, sjå Klassifisering 'Thamnophilidae to Rhinocryptidae'. Det er reflektert i dei mest brukete taksonomilister som Clementslista frå desember 2009
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gnateater frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Rice, Nathan H. (2005a): Phylogenetic relationships of antpitta genera (Passeriformes: Formicariidae). PDF fulltext Arkivert 2010-05-05 ved Wayback Machine.
- Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor 107(4): 910-915. [Engelsk språk med samandrag på spansk] PDF fulltext Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Whitney, B.M. (2003) Family Conopophagidae (Gnateaters) Pp 732-748 in del Hoyo J., Elliott A. & Christie D.A. (2003) Handbook of the Birds of the World Volume 8. Broadbills to Tapaculos, Lynx Edicions, Barcelona ISBN 84-87334-50-4
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)