Hopp til innhald

Demagogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Demagogi, frå gresk demagog, samansett avδήμος démos, «folk» og αγωγός agogos, «leiar», er eit uttrykk for å ville vinne folket for seg med upålitelege lovnader eller ved å spele på kjensler og fordommar hos folk.

Ordet demagog vart først nytta om klassiske folkeførarar som Perikles, men har sidan fått ei nedsetjande tyding, og vert spesielt bruka om politikarar som forsøkjer å apellere til dei låke instinkta hos folket.