Hopp til innhald

Dorisk skala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dorisk toneart)
Moderne dorisk skala i C Høyr.

Dorisk skala er ein modal skala (kyrkjetoneart) som vert nytta innan musikk. Om eit verk, eit stykke, ein låt, ein song osv. går i dorisk med D som grunntone, seier ein at han har tonearten D-dorisk. Om ein skal spele ein dorisk skala på pianoet, kan ein berre spele på dei kvite tangentane frå tonen D til neste D oktaven over eller under.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]

Det som er spesielt for dorisk er at han har liten ters, stor sekst og liten septim. Dette gjev han eit mollpreg, men det som kjenneteikar han mest er den store seksten. Tabellen under illustrerer forskjellen på dur, moll og dorisk ved å vise skilnaden i tonetrinn:

Eit halvt tonetrinn vil sei at ein går opp eller ned til tonen som er like over eller under. Døme C–C#. Eit heilt tonetrinn vil si at ein går opp eller ned, så går man to halve tonetrinn oppover eller nedover. Døme C–D.
D-dur D-E E-F#/Fiss F#/Fiss-G G-A A-H H-C#/Ciss C#/Ciss-D
Storleik på trinn mellom tonane 1 1 1/2 1 1 1 1/2
D-moll D-E E-F F-G G-A A-Bb Bb-C C-D
Storleik på trinn mellom tonane 1 1/2 1 1 1/2 1 1
D-dorisk D-E E-F F-G G-A A-H H-C C-D
Storleik på trinn mellom tonane 1 1/2 1 1 1 1/2 1

Det er ikkje berre D som eignar seg som grunntone. Alle tonar kan nyttast som grunntone, men ein må følgje tonetrinnane. Her er eit døme på kva tonar som vert spelt i andre toneartar:

«A-dorisk»Spel
Toneart
D E F G A H C D
A H C D E F#/Fiss G A
C#/Ciss D#/Diss E F#/Fiss G#/Giss A#/Aiss H C#/Ciss