Else Hagen
Else Hagen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. september 1914 Eydehavn |
Død |
17. august 2010 (95 år) |
Yrke | biletkunstnar, illustratør, skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Arne Ellerhusen Holm |
Born | Bentine Holm |
Else Hagen på Commons |
Else Hagen (21. september 1914–17. august 2010) var ein norsk biletkunstnar som arbeidde med måleri, grafikk og store relieff i ulike material. Ho verka også som skribent, kåsør og illustratør. Ho er rekna som ein av dei viktigaste norske kvinnelege kunstnarane innanfor modernismen, og er særleg kjend for sine store materialbilete. Desse var som oftast resultat av at ho vann fyrstepris i konkurransar om kunstnarisk utsmykking, og dei finst i norske kyrkjer, universitet og andre offentlege bygningar, blant anna i Stortingsbygningen, der verket hennar Samfund blei avduka i 1966.
Då Hagen vann konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole i 1950 blei ho den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg.
Etter nokre år med lite omtale, blei Hagen, etter år 2020, igjen svært aktuell, blant anna med kollektivutstillinga Modernismens pionerer, vist 2021 i Sørlandets kunstmuseum, og den store vandreutstillinga Else Hagen – Mellom mennesker. Denne utstillinga blir vist i 2024–2025 i følgjande museum: Stavanger Kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum, Nasjonalmuseet og Kunstsilo i Kristiansand.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Else Hagen blei fødd på Eydehavn. Der hadde ho dei fyrste barneåra, med den fire år eldre Claes Gill (1910–1973) som leikekamerat.[1] Foreldra hennar var ingeniøren Sverre E. Hagen (1871–1947) og Sigrid Svendsen (1877–1963). På spørsmål om ho var arveleg belasta med kunstnariske anlegg, svarte Hagen at ho var fjernt i slekt med xylografen «Snipp-Møller», som visstnok også målte, og at faren hennar hadde visse kunstnariske anlegg.[2]
Dei tidlege barndomsåra på den nyetablerte industristaden Eydehavn fekk avgjerande tyding for den kunstnariske verksemda til Else Hagen seinare i livet. Ho opplevde dei vanskelege åra etter fyrste verdskrigen, og hadde sterke minne om ei tid då fabrikkane stansa opp i eitt og eit halvt år og mange på Eydehavn leid naud. Då ho var åtte år gammal flytta familien frå Eydehavn til Oslo.[1]
Hagen gifta seg i 1938 med målaren, grafikaren og arkitekten Arne E. Holm (1911–2009). Dei fekk to barn saman, arkitekt Pål Didrik Holm (1944–2016) og skodespelaren og songaren Bentine Holm (fødd 1947). Familien budde ei tid i Trondheim, då Arne E. Holm blei professor ved NTH i 1947, men ellers budde og verka ho i Oslo.
Tiåra etter andre verdskrigen er blitt kalla «husmorperioden» i norsk historie. Godt over halvparten av alle vaksne kvinner hadde heimen som sin einaste, eller viktigaste, arbeidsplass. «Husmor var simpelthen definisjonen på en gift kvinne i perioden 1945–1970». Samfunnet var ikkje tilrettelagt for yrkeskvinner, det var få barnehagar, og dei aller fleste blei heiltidshusmødrer når dei fekk det fyrste barnet sitt.[3]
Hagen har i antologien Hvor var kvinnene? (1979) skildra utfordringane med å vere yrkesaktiv kunstnar i tillegg til å vere tobarnsmor og husmor, sjølv om familien hadde hushjelp. Ikkje minst var det vanskeleg å finne ledig tid, «den skapende ledige tiden».[4]
«Tid og erfaring trenger enhver som står overfor en større dekorativ oppgave, i tillegg utholdenhet – dessuten en stor pose hell – og god helse.»[4]
Frå slutten av 1950-åra budde Hagen i kunstnarkolonien på Ekely,[5] til ho rundt 1995 måtte flytte på sjukeheim. Ho hadde fått diagnosen Alzheimers sjukdom og budde på sjukeheim resten av livet.[1]
Utdanning og impulsar
[endre | endre wikiteksten]Hagen hadde utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) (1930–1933) og Statens kunstakademi (1934–1938). I året mellom SHKS og akademiet var ho elev i ei privat studiegruppe leia av kunstnaren Jean Heiberg. Senere arbeidde ho ei tid hos ulike kunstnarar; i den grafiske verkstaden til Dejourbert i Paris (1958 og 1970), hos Jens Christian Sørensen i København og Rolf Janson i Stockholm.[6]
Dei to fyrste åra ved akademiet studerte Hagen under Axel Revold og Jean Heiberg. Hagen oppsummerte skilnaden på dei to kunstnarane slik: Revold lærte ho å oppleve fargen, Heiberg lærte ho å teikne.[2]
I 1935 var den danske målaren Georg Jacobsen hjelpelærar ved akademiet, og i 1936 blei han konstituert som ekstraordinær professor i biletbygging og komposisjonslære der.[7] Hagen var elev hos han i tre år. Jacobsen kom til akademiet med teoriar om biletoppbygging som til dels var basert på eit geometrisk grunnlag. Dette var teoriar han hadde utvikla i Paris, i samarbeid med den meksikanske målaren Diego Rivera.[8] Jacobsen lærte elevane å analysere alle element som til saman skaper eit maleri: flata, rommet, proporsjonane og fargane, og verka til «dei gamle meistrane» blei gjennomgått som eksempel.[9] Dei inngåande studia av den formale sida av måleriet gjorde at måleria til elevane fekk eit visst fellespreg, og elevane blei omtalte både som «Jacobsen-elevane» og «jacobinarane». Jacobsen var ikkje dogmatisk. Han ønskte ikkje at studentane skulle etterape han, eller måle like bilete. Han lærte dei om «samarbeid» mellom ulike element, og han lærte dei å arbeide.[2]
Då Hagen seinare byrja å arbeide med sine store relieff i ulike materialar, let ho seg inspirere av enkelte andre kunstnarar, til dømes Sigurd Winge, som sjølv hadde utført store materialbilete.[6]
Dansen var også viktig for Hagen. Mens ho studerte ved Teikneskulen var ho nokre år elev av dansaren Gerd Kjølaas og sa sjølv at hadde ho hatt moglegheiter, ville ho ha blitt dansar. Ho var spesielt interessert i moderne fridans, eller karakterdans, som gav ho verdifulle impulsar til målinga.[2] Ho studerte dans for «å kunne overføre sin viten om rytme og bevegelse til sin egen kunstart».[10]
Kunst
[endre | endre wikiteksten]Hagen debuterte på Haustutstillinga i 1936 med tre verk: eit portrett, ein figurkomposisjon og ei skisse,[11] og verka hennar blei nemnde spesielt i enkelte av meldingane av utstillinga. Meldaren i Arbeiderbladet skreiv til dømes: «Hennes portrett er både modent og bevisst gjort, og godt og fast i tegning og farve».[12] Etter debuten, ei separatutstilling i Trondheim i 1945 og fyrstepremie i konkurransen til Unge Kunstneres Samfund i figurkomposisjon same år, blei ho følgd med «avventende oppmerksomhet», ifølgje Norges kunsthistorie. I 1950-åra hadde ho det definitive gjennombrotet sitt, med separatutstillingar i Noreg og Sverige og med fyrstepris i konkurransen om utsmykking av festsalen i Nøtterøy realskole.[13]
Omtaler viser at Else Hagen var, og er, rekna som ein av dei sentrale norske modernistane etter krigen: «Hagen var sentral i etterkrigstiden med sin farge- og formkonsentrerte ‘figurative modernisme’. Hun la stor vekt på maleriets formale oppbygning og abstrakte elementer, men kombinerte dette med motiver som tok for seg nære relasjoner, brytninger i kjernefamilien og kvinnelige erfaringer.»[14][15][16]
Konseptkunsten blei stadig meir aktuell frå 1970-åra, og modernistane kom meir i bakgrunnen. Frå rundt 1980 deltok Hagen sjeldan på utstillingar, før modernistane igjen blei aktuelle gjennom interessa til kunstsamlarar og museum etter 2020.[17]
Ulike teknikkar
[endre | endre wikiteksten]Frå starten av karrieren til andre halvdel av 1950-åra arbeidde Hagen hovudsakleg med måleri, men ho var ingen typisk «jacobinar». Åra med Revold og Heiberg hadde også gjeve henne viktige impulsar, men ho var oppteken av grunnprinsippa til Jacobsen for biletorganisering,[9] både som ung målar og då ho seinare i hovudsak arbeidde med monumentalarbeid i ulike materialar.[18]
Mot slutten av 1940-åra byrja Hagen med grafikk. Motiva var den fyrste tida delvis dei same som i måleria. Teknikkane var fyrst fargelitografi, seinare djuptrykk og serigrafi. Fargelitografien «Blå hester» frå rundt 1949 (attgjeven i grafikk-galleri nedanfor) blei i 2003 attgjeven på eit norsk frimerke.[19][20]
Hagen arbeidde med grafikk gjennom heile karrieren, parallelt med sine store, krevjande oppdrag. Grafikken blei ein fristad, «en måte å overleve, eller avreagere, på, som en sikkerhetsventil». Grafikken var uforpliktande, der hadde ho ingen oppdragsgivar, ho kunne øydelegge plata om ho ville – eller bruke dei grafiske blada som ho ville.[21]
Hagen eksperimenterte også med pastellstiftar, og i 1946 stilte ho ut 56 pastellar i Unge Kunstneres Samfund. Nesten alle blei selde, inkludert fire til Nasjonalmuseet.[22][23]
Etter krigen byrja ein tiårsperiode der Hagen bevega seg frå staffeli-måleriet mot monumentale rom-utsmykkingar. Kunstnarkollegaar som Rolf Nesch og den før nemnde Sigurd Winge hadde allereie byrja å eksperimentere med veggfaste utsmykkingar i ulike materialar. Hagen lærte av deira uredde måte å arbeide på, og ho lærte at leik og improvisasjon var brukbare verkemiddel.[4]
Formingsundervisinga i folkeskulen i 1920-åra bestod av sløyd for gutane og handarbeid for jentene. Hagen hadde dimed ingen grunnkunnskap frå skulen om bruk av drill, loddebolt og andre verktøy som var heilt naudsynte i arbeidet med dei store materialbileta. Ho måtte lære å bruke verktøya etter kvart som ho fekk bruk for dei.[4]
Dei siste åra av karrieren gjekk Hagen tilbake til måleriet, og i 1984 debuterte ho som akvarellmålar, 70 år gammal.[1] Ho hadde då i meir enn 25 år tenkt på å måle bilete igjen, men hadde ikkje hatt tid på grunn av monumentale, offentlege oppdrag.[24] Då ho besøkte si siste separatutstilling med ein journalist i 1992, uttalte ho at det var frigjerande å kunne forkaste eller arbeide med eit bilete og ikkje trenge å halde på med det same i månadsvis. «Med utsmykningene kom jeg til et metningspunkt, oppgavene gikk i ett. Den neste utsmykningen ventet før jeg var ferdig med den forrige».[24]
Motiv
[endre | endre wikiteksten]« | Landskaper med kuer og koller og sånt er ikke noe for meg | » |
—Else Hagen, 1946[2] |
Motiva henta Hagen frå enkle kvardagslege situasjonar. Menneske, og framfor alt mennesket, var hennar viktigaste motiv. Ho ønskte å måle «mennesker som produkt av miljø – levende, skjebnebestemte mennesker.»[2] Kulturredaktør Arve Moen skreiv i 1950 at Hagen av og til «kunne få en til å tenke på Christian Krohg. En finner hos henne den samme optattheten av å skildre mennesker og deres omgivelser.»[9]
Hagen sa sjølv at mange av bileta hennar handla om det å vere basta og bunden. «[…] ved å gi tankene og forestillingene billedlig form, frigjør hun seg fra den ubehagelige følelsen av tvang.»[24]
Masker er eit motiv som finst i fleire av verka til Hagen, både i måleri, trykk, relieff – og som sjølvstendige materialbilete. Ho omtaler maskene, ikkje som noko å gøyme seg bak, men som eit symbol på at ein finn måtar å vere på fordi det forenklar tilværet.[25] Ho har også utforma masker for teater.
Det finst også fuglar i fleire av verka til Hagen, dels som trugande, urovekkande vesen,[24] dels som eit positivt symbol, som i «Samfund», der ho ønskte å «gi følelse av vekst, natur, trær eller mennesker, der tankens og fantasiens blå fugler kan trives».[26] Fuglane blir verna av dei eldre heilt til venstre i bilete, før dei blir slopne fri av ungdommen til høgre i bildet.[27]
Med åra blei motiva til Hagen meir abstrakte. Eit døme er relieffet «Generasjonsskikt» frå 1971 (sjå galleri over monumentalarbeid nedanfor).
Monumentalarbeid
[endre | endre wikiteksten]I 1950 vann Hagen konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole.[28] Ho blei då den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg.[29] Berre nokre månader tidlegare hadde kunsthistorikaren Arve Moen skrive «kanskje går Else Hagen en vakker dag hen og vinner en representativ dekorativ opgave.»[9] Då ho hadde vunne konkurransen, arbeidde ho med kartongane til den store freskoen gjennom storparten av 1951 og vinteren 1952. Sommaren 1952 overførte ho kartongskissene til langveggen og tverrveggen i festsalen og frukostrommet på den nye skulen.[30] Motivet for tverrveggen var Hva skal jeg bli?, mens motivet på langveggen trekte linjene frå heimkommunen Nøtterøy til fjerne stader som Paris (representert ved Eiffeltårnet), Asia, New York by og Afrika.[30]
Hagen fekk mykje ros for både motivval og utføring av oppdraget på Nøtterøy. Fire år seinare fekk ho eit nytt utsmykkingsoppdrag frå Vestfold. Denne gongen gjaldt det Fylkeslandbruksskolen i Stokke i Vestfold. Dei tre veggfelta som skulle utsmykkast der, inspirerte ho til verket «Primstaven».[30]
Hagen er blitt kalla «norsk monumentalkunsts grande dame».[31] Frå 1959 til 1978 arbeidde ho med ein serie store materialmosaikkar i offentlege bygg i Trondheim, Oslo, Bærum, Bergen og Haugesund. Sjølv om den siste delen av prosessen nødvendigvis pågjekk på sjølve veggen der verket skulle bli måla/montert, hadde ho behov for atelier av ein viss storleik under arbeidet med desse store arbeida. Frå januar 1960 hadde ho atelier i ridehuset i Kongens stall, for å arbeide med utsmykkinga i trapperommet til Stortinget.[32] Då ho vann konkurransen om utsmykkinga av Postgirobygget, blei ho tildelt eit av ateliera til kommunen i rådhustårnet. Her arbeidde ho til den 30 meter lange frisa «Kretsløp» var ferdig montert i publikumsarealet i Postgirobygget hausten 1980.[33] Seinare sa ho om arbeidet med Postgirobygget at «oppgaven tok nesten knekken på meg. I tre år, til og med om natten, holdt vi på med kobber og sveiseapparater».[34] Verket blei demontert før bygget blei ombygd rundt 2003. Etter at sonen til Hagen, Pål Didrik Holm, hadde tatt vare på frisa i mange år, er frisa no i magasinet til Nasjonalmuseet.[35]
I den avsluttande delen av prosessen med dei store veggutsmykkingane, hadde Hagen hjelp frå både handverkarar og assistentar med kunstfagleg kompetanse. Under overføring av kartongskissene til veggene i Nøtterøy realskole, var målarkollegaen Kaare Wildhagen assistenten hennar.[30] Målaren John Anton Risan assisterte ho under arbeidet med utsmykkinga i Sentralbadet i Trondheim.[36]
Hagen ønskte å skape noko som kunne vere allemannseige, som kunne fylle store veggar der mange folk ferdast: «Slik ble det til at jeg tilbragte 30 år på stiger og stillaser med stein, glass og metaller mellom hendene.»[24]
- Nokre av dei sentrale monumentalarbeida til i ulike materialar
Artikkelen om Hagen i Norsk kunstnerleksikon inneheld ei mer omfattande liste
- «Østenfor sol og vestenfor måne», Nøtterøy realskole. Målte veggfelt på mur (1952)
- «Primstaven», Landbruksskulen i Stokke (1956)
- «Sjø og fugler», «Ragnvald Jarl». Oljemaleri (1957)
- «Søylen og gullfuglen», Sentralbadet, Trondheim. Mosaikk av skifer og emalje, (1958–1961). Verket blei demontert og plassert på eit kommunalt lager i påvente av ei passande ny plassering, då bygget blei gjort om til leiligheter rundt år 2000.[37]
- «Samfund», Stortinget. Mosaikk av skifer og smalto (bitar av farga, ugjennomsiktig glas)[38], (1959–1966)[39]
- «Frostrøyk», Tromsø lufthamn. Seks kobberrelieff (1968)
- Altartavle, Østerås kyrkje, Bærum. Messing, mosaikk og emalje. (1974)
- Universitetsbiblioteket i Bergen. Kobberrelieff (1971)[40] Emaljerelieffet «Barn av regnbuen» (1975)[41]
- «Fjellbekk», Noregs idrettshøgskole, Oslo. Relieff. (1975)
- Altartavle, Bredtvet kyrkje, Oslo. Messing, mosaikk og emalje.(1977)
- «Byen, menneskene og havet», Haugesund rådhus, Tre metallrelieff. (1978)
- «Kretsløp», Postgirobygget, Oslo. 30 meter lang frise i ulike materialar (1980)
Hagen skapte også kyrkjekunst. I perioden 1971–1974 ferdigstilte ho ei altartavle til Østerås kyrkje i Bærum;[42] i 1972–1977 altertavla i Bredtvet kyrkje i Oslo og i 1978 eit altarskåp i Oppsal kapell i Oslo.
-
Utsnitt av freskoen i Nøtterøy realskole (1952)
-
«Søylen og gullfuglen» (1958)
-
«Samfund» i trappehallen i Stortinget (1966). Fotografen har kutta litt av høgresida av verket. Her vises hele verket.
-
«Generasjonsskikt», relieff i vestibylen til Universitetsbiblioteket i Bergen (1971).
-
Alterdekorasjonen i Bredtvet kyrkje er utført i tre og mosaikk.[43]
Utvalde utstillingar
[endre | endre wikiteksten]Kjelde for oversiktene over utstillingar, der ikkje anna er spesielt nemnd, er Norsk kunstnerleksikon:
Separatutstillingar
[endre | endre wikiteksten]- Trondhjems Kunstforening, 1940 og 1974. 1940-utstillinga var hennar fyrste separatutstilling.[44]
- Unge Kunstneres Samfund, (56 pastellar) 1946
- Galleri Gummeson, Stockholm, 1950
- Kunstnerforbundet, Oslo, 1954, 1965 (Grafikkveggen), 1969 og 1975
- Galleri Gamlebyen, Fredrikstad, 1972
- Galleri Vikerødegården, Furnes, 1977
- Galleri Riis, Trondheim, 1978
- Artes Galleri, Oslo, 1980
- Landslaget Kunst i Skolen, 1980
- Kunstnerforbundet, Oslo, 1992. Dette var hennar siste separatutstilling.[1]
I januar 2024 opna vandreutstillinga Else Hagen – Mellom mennesker i Stavanger Kunstmuseum. I mai–oktober 2024 blir utstillinga vist i Trondheim kunstmuseum, deretter i Nasjonalmuseet, før visningane blir avslutta i Kunstsilo, Kristiansand i perioden mars–juni 2025. Utstillinga, som blir tilpassa dei ulike visningsstadane, består av rundt 70 arbeid frå heile kunstnarskapen til Hagen, med størst vekt på malerier frå 1940- og 1950-åra og hennar store grafiske produksjon. I tilknytning til utstillinga blir det publisert ei bok om kunsten til Else Hagen, med tekster av Vibece Salthe, Frida Forsgren, Ida Grøttum, Lin Stafne-Pfisterer og Øystein Ustvedt.[45]
Kollektivutstillingar
[endre | endre wikiteksten]Norsk kunstnerleksikon har ei fullstendig liste over kollektivutstillingane Hagen deltok på.[6] Her blir berre eit utval vist, for å vise litt av breidda, tematisk og geografisk.
I 1936 debuterte Hagen på Haustutstillinga, 22 år gammal.[30]
- Haustutstillinga, 1936–1939; 1945–1953; 1955–1959; 1962–1965; 1971; 1974; 1977–1980
- Unge Kunstneres Samfund, fleire utstillingar, blant anna jubileumsutstillingane i 1946 og 1957
- Ung norsk kunst, København, 1946
- 9 Jacobsen-elever, Oslo Kunstforening, 1947
- Norsk nutidskonst, Stockholm, 1951
- Exposição de Peintura e Gravura Norueguesa, Rio de Janeiro, 1952
- Arte Nordica Contemporanea, Palazzo delle Esposizione, Roma, 1955
- Kunst und Form aus Skandinavien, Linz, 1956
- Grafikkutstilling, Mexico, 1966
- Festspillutstiller, Bergen Billedgalleri, 1970
- Nutida norsk konst, Hässelby slott, Stockholm, 1972
- Kvinnen og kunsten, Kunstnernes Hus, Oslo 1975
- Profiler, Kunstnerforbundet, Oslo, 1982
- Modernismens pionerer, Sørlandets kunstmuseum, 2021[46]
Offentlege innkjøp
[endre | endre wikiteksten]- Nasjonalmuseet
- Stenersen-samlinga ved Bergen Kunstmuseum
- Bergen Billedgalleri ved Bergen Kunstmuseum
- Oslo Nye Teater
- Eydehavnmuseet
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1945 – fyrstepremie i Unge Kunstneres Samfunds konkurranse i figurkomposisjon med måleriet Hemmeligheten.[30]
- 1950 – fyrstepremie om veggdekorasjon i Nøtterøy realskole.[30][47]
- 1957 – fyrstepremie i Landslaget Kunst i skolens grafikk-konkurranse
- 1958 – fyrstepremie i konkurransen om veggdekorasjon i Trondheim kommune sin svømmehall, «Sentralbadet», med verket Søylen og gullfuglen.
- 1959 – fyrstepremie i konkurransen om utsmykking av trappehallen i Stortinget med verket Samfund.[48][49][50][51]
- 1973 – fyrstepremie i konkurransen om altartavle i Østerås kyrkje, Bærum
- 1977 – fyrstepremie i konkurransen om utsmykking av publikumshallen i Postgirobygget, Oslo
- I 1950 blei ho tildelt Ingrid Jespersens legat, eit prestisjefylt dansk kunstnarstipend.[30]
- I 1982 mottok ho Ulrik Hendriksens minnestipend.
- I 1983 heidra Moland kommune (frå 1992 del av nye Arendal kommune) ho ved å gje ei gate hennar namn, Else Hagens vei
Skribent og illustratør
[endre | endre wikiteksten]I åra 1957 og 1958 skreiv Hagen ein serie på ni artiklar i Dagbladet under tittelen Skisser: Romslige hus og mennesker nord for Dovre. Ei av «skissene» handla om vevaren Hannah Ryggen,[52] ei anna om bilethoggaren Kristofer Leirdal.[53] Atter andre handla om personar Hagen syntest var interessante, men som ikkje naudsynt var kunstnarar – og om bygg ho syntest var interessante, som Stiftsgården i Trondheim. Ho skreiv også andre artiklar i aviser og tidsskrift, om enkeltkunstnarar som Georg Jacobsen (eksempel: «Georg Jacobsen i Norge igjen», Dagbladet 07.11.1970), publiserte eigne føredrag om sin kunst,[54] og skreiv om vilkåra til kunstnarane.[4] I 1960-åra heldt ho også laurdagskåseri i NRK Radio.[55]
Bileta til Hagen er brukt som illustrasjonar i fleire bøker, artiklar og bokverk, både mens ho levde og seinare, blant anna i lesebøkene til Thorbjørn Egner for 8. og 9. trinn. I 2003 blei det gjeve ei bok i serien Kunstgleder med dikt av Inger Hagerup, illustrert med foto av kunst av Else Hagen, både måleri og grafikk. Hagen hadde tjue år tidlegare (1983) donert fem grafiske blad til Eydehavnmuseet, alle med utgangspunkt i dikta til Inger Hagerup.[56]
I 1980 var Hagen ein av kunstnarane som bidrog til Porsgrunds Porselænsfabrik sin serie med såkalla kunstnarplatter. Det blei produsert totalt 200 av kvar platte. Dei var samleobjekt, som var signerte og nummererte. Serien starta i 1976 og skulle innehalde 12 ulike platter. Plattene til Hagen og Kaare Espolin Johnson blei gjevne ut i 1980.[57]
Samfunnsengasjement
[endre | endre wikiteksten]Else Hagen blir omtalt som feminist av fleire kunsthistorikarar,[58] dels på grunn av artiklar ho skreiv,[4][59] dels ut frå den biletlege behandlinga hennar av motiv som familie,[60][61] mor og barn[62][63] og vilkåra til kvinna i andre samanhengar.[64][65]
Hagen var ei engasjert kvinne, som i skrift, tale og kunst kunne påpeike skeivskap og manglar i samfunnet, men ho brukte i liten grad kunsten sin som direkte propaganda. Eit tydeleg unntak er måleriet «Rollene utdelt», opprinnelig kalla «Til mine søstre», frå 1950.[66] På denne tida var det viktig for henne å «riste seg selv og sine medsøstre ut av søvn og sløvhet. Stille krav.» Ein del av motivet var ei kvinne blant blomerankar. Ho ber maske og «soler seg i sin skjønnhet og sitt kjønn. Hun hører ikke den tunge marsjen som alt er i gang bak i bildet. Hun vet ikke at det bare er et spørsmål om tid før masken blir verdiløs og revet av henne»[4] Biletet blei vist på Haustutstillinga i 1950. Då Hagen såg det store måleriet (160 x 198 cm) på veggen, følte ho at det grepet ho hadde valt, var heilt feil. Aldri meir ville ho bruke biletflata til propaganda. «Hvorfor bruke maleriske midler, når ord ville gi meningen bedre og tydeligere.»[4]
På forsida av den venstreradikale avisa Orientering, 1. mai-nummeret 1960, var det omtalte måleriet attgjeve, med teksten til Else Hagen «Søster» nedanfor:
« | SØSTER Det er pålagt deg å fortsette livet gjennom ditt barn. Men jeg anklager deg som bare er et kjønnsvesen –, fordi du i morgen må være medansvarlig for at livet på jorden kan bli bevart. S ø s t e r, det er ikke nok å være kvinne alene, uendelig meget mer må du yde. Hvert minutt på dagen må vi anklage oss selv, fordi vi unnlater å dyktiggjøre oss. – Instinktet vil forlange å kunne bevare det livet som er blitt til gjennom oss. Vitenskap, forskning, ånd og kunst, politikk, alle midler må vi bruke. Naturlige hjelpemidler må dette være for oss, derfor må vi dyktiggjøre oss. Menneskelig forståelse og overbærenhet, det vanskeligste av alt å tilegne seg, må vi sette oss som mål. S ø s t e r, legg hodet ditt ned mot den fuktige mai-jorda og lytt – –. Hører du takten av samfundets «forsvarsvilje,» – kjenner du skjelvinger fra redselen for prestisjetap. Ekkoet fra pressen – hører du det? Det «gode stoffet» som blir pisket opp». S ø s t e r, s ø s t e r, du har intet valg, – dyktiggjør deg. Hjelp ham, vår redde og stivnede bror, alt for lenge har han hatt førstefødselsretten i samfundet. Om jorden blir myrdet kan du ikke gå skyldfri denne gangen, fordi du er kvinne. – Det er du ikke lenger, du er menneske, og som menneske er du delaktig og ansvarlig for liv |
» |
—Signert «Else Hagen» |
Uthevingane i sitatet er som i den publiserte teksten.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Erle Moestue Bugge (8. februar 1992). «Norsk monumentalkunsts Grande Dame Else Hagen : kunstnerens indre album». Aftenposten Morgen.
- Kåre Engbråthen: «Minneord» i Agderposten 21. september 2010
- Frida Forsgren. «Else Hagen: Feminist og modernist». SKMU - Sørlandets Kunstmuseum (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 22. august 2023. Henta 22. august 2023.
- Henning Gran (1946). «Samtale med en malerinne». Kvinnen og tiden. s. 18–20.
- Else Hagen (1979). «Den viktige sneen som falt i fjor». Hvor var kvinnene?. Gyldendal. s. 41–51. ISBN 8205120161.
- Sidsel Helliesen (2013). «Else Hagen». Norsk kunstnerleksikon.
- Elsebeth Heyerdahl-Larsen: «Else Hagen. Nekrolog» i Aftenposten 8. september 2010
- Arve Moen (1950). «Else Hagen». Kunst og kultur. s. 167–176.
- Ursula Monsen (1960). «Kunst i kongens stall». Aktuell. s. 32–34.
- Kristin Bae Mysen: «Kunstneren Else Hagen krysser sitt spor». Agderposten 29. november 2003
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Kristin Bae Mysen (2014). «KUNSTNEREN ELSE HAGEN KRYSSER SITT SPOR — Eydehavnportalen». www.kubenarendal.no (på norsk). Henta 17. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Gran (1946)
- ↑ Hagemann, Gro (25. november 2015). «Husmorparadiset». Universitetet i Oslo. Henta 28. august 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Hagen (1979)
- ↑ Brun, Hans-Jakob; Flor, Harald; Johannesen, Ina (2019). Ekely : historien om Munchs Ekely og kunstnerkolonien i Munchs hage. Opera Forlag. ISBN 9788292845097.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Helliesen, Sidsel (1983). «Else Hagen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). Henta 20. mars 2023.
- ↑ Thue, Oscar (1969). Statens kunstakademi 60 år. Nasjonalgalleriet. s. 24.
- ↑ «Georg Jacobsen | lex.dk». Dansk Biografisk Leksikon (på dansk). 23. april 2023. Henta 22. august 2023.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 Arve Moen (1950). «Else Hagen». Kunst og kultur. s. 167–176.
- ↑ Else Hagen sitert i Forsgren, Frida
- ↑ Bildende Kunstneres Styre (1936). «Malerier». Katalog over statens 53. årlige kunstutstilling : 1. oktober–1. november 1936 (PDF). s. 9.
- ↑ Bull-Hansen, Rolf (7. oktober 1936). «Høstutstillingen». Arbeiderbladet. s. 5.
- ↑ Brun, Hans-Jakob (1983). «Maleriet 1940–1980». Norges kunsthistorie. 7 : inn i en ny tid. s. 93–242. ISBN 8205122717.
- ↑ «Else Hagen - Stavanger Kunstmuseum». www.stavangerkunstmuseum.no. Henta 25. august 2023.
- ↑ Grann, Annemona (24. november 2022). «Hun hadde flere utstillinger i Trondheim. Nå er hun etterspurt over hele Norge». adressa.no (på norsk). Henta 25. august 2023.
- ↑ «Foredrag: Frida Forsgren om kunstner Else Hagen». SKMU - Sørlandets Kunstmuseum (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 25. august 2023. Henta 25. august 2023.
- ↑ «Milliardærene bladde opp». www.kapital.no (på norsk). 8. juni 2020. Henta 29. august 2023.
- ↑ TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 06:45
- ↑ Minikunst; Stavanger aftenblad, 8. februar 2003
- ↑ «Else Hagen, Blå hester – Nasjonalmuseet – Samlingen». Nasjonalmuseet (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2021.
- ↑ «Om Else Hagen». TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 25:30
- ↑ UKS (2021). «Else Hagen». 100 års samliv. Det du kan se er det du kan forestille deg. Unge Kunstneres Samfund. s. Oslo.
- ↑ Nokre av pastellane til Hagen ved Nasjonalmuseet
- ↑ 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 Bugge, Erle Moestue (8. februar 1992). «NORSK MONUMENTALKUNSTS GRANDE DAME ELSE HAGEN Kunstnerens indre album». Aftenposten Morgen.
- ↑ TV-intervjuet med Johan Vestly (1977), 27:35
- ↑ Hagen sitert i NBL
- ↑ Mysen ... foredrag
- ↑ «Sandefjords Blad». 21. oktober 1950. s. 2.
- ↑ «Kvinner i samlingen - Trondheim kunstmuseum». trondheimkunstmuseum.no. Henta 26. august 2023.
- ↑ 30,0 30,1 30,2 30,3 30,4 30,5 30,6 30,7 Wexelsen, Einar (1. juli 2016). «Else Hagens utsmykking på Borgheim skole – Storsatsing og pionérånd». Nøtterøy Historielag (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2021.
- ↑ Bugge, 8. februar 1992
- ↑ Monsen (1960)
- ↑ «Ikke noe broderi». VG. 22. oktober 1980.
- ↑ Else Hagen sitert i Bugge (1992)
- ↑ Verifisering: Kurator ved Nasjonalmuseet kan kontaktes
- ↑ Alfsen, Glenny (16. januar 2019). «John Anton Risan». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). Henta 13. juli 2023.
- ↑ Verifisering: Skriftlig informasjon om nøyaktig hvor verket befinner seg, har ikke latt seg fremskaffe ved publisering av denne artikkelen, men seniorrådgiver ved Kommunedirektørens fagstab kultur og idrettkommunens kunst (Trondheim) kan kontaktes
- ↑ «Definition of SMALTO». www.merriam-webster.com (på engelsk). Henta 2. oktober 2023.
- ↑ Vilberg, Gro (1993). Kunst i Stortinget. Stortinget. ISBN 8291283028. [både materialer og idé beskrives]
- ↑ Hagen, Else (1971). «Else Hagen redegjør, på oppfordring, om sitt relieff i Universitetsbiblioteket i Bergen». Kunst og kunstnere (3): 23.
- ↑ «Små barn av regnbuen». Universitetet i Bergen (på norsk bokmål). Henta 21. august 2023.
- ↑ «Altertavle Østerås Kirke, 1971-79 - Hagen, Else». ovaering.no. O. Væring. Henta 8. mars 2021.
- ↑ N.N. «Bredtvet kirke». Norske-kirker.net. Henta 7. mars 2021. Interiørbilde av Bredtvet kirke, med Hagens alterdekorasjon i fond
- ↑ Grimelund, J. Jervell (1955). «Verdenskrig og okkupasjon 1940–1945». Trondhjems kunstforening 1845-1945. I kommisjon hos F. Bruns bokhandels forl.
- ↑ «Else Hagen - Stavanger Kunstmuseum». www.stavangerkunstmuseum.no (på engelsk). Henta 21. august 2023.
- ↑ «Modernismens Pionerer. Utvalg fra Tangen-samlingen.». SKMU - Sørlandets Kunstmuseum (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 28. august 2023. Henta 28. august 2023.
- ↑ «Else Hagen (1914-2010)». @nasjonalmuseet - Instagram. Nasjonalmuseet. 2. mars 2021. Henta 6. mars 2021. «I 1950 ble hun den første kvinnen som fikk et større utsmykningsoppdrag, da hun vant konkurransen om å utsmykke Nøtterøy realskole. Det ble mange flere oppdrag, og du finner i dag Hagens verk blant annet på Stortinget og på Tromsø flyplass.»
- ↑ «Arbeiderbladet 1959.06.22». 1959. s. 1.
- ↑ «Nationen 1966.10.01». 1966. s. 3.
- ↑ Simonnæs, Per (1981). Norsk kunst i bilder. Grøndahl. s. 94-96. ISBN 8250403444.
- ↑ Eivind Torkjelsson. Stortinget : bygningen og kunsten. Utgitt av Stortinget, 2014 (pdf)
- ↑ Dagbladet lørdag 01.06.1957
- ↑ Dagbladet lørdag 20.04.1957
- ↑ Else Hagen (1975). «Ny kirkekunst, Else Hagens altertavle i Østerås kirke». Kunst og kultur. s. 21-24.
- ↑ Kjelder: Radioprogramoversikter i fleire norske aviser frå 1960-åra, nb.no
- ↑ Engbråthen, Kåre (21. september 2010). «Billedkunstneren Else Hagen». Agderposten: 44.
- ↑ N.N. (7. november 1980). «To nye platter i PP's eksklusive serie i salg fra lørdag». Telemark Arbeiderblad. s. 3.
- ↑ «Else Hagen: Feminist og modernist». SKMU - Sørlandets Kunstmuseum (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 22. august 2023. Henta 24. august 2023.
- ↑ Sjå også teksten SØSTER i denne artikkelen
- ↑ «Else Hagen: Familie, 1950.». Mynewsdesk (på norsk). 22. februar 2023. Henta 24. august 2023.
- ↑ «Tinnsoldater by». Artvee (på engelsk). Henta 24. august 2023.
- ↑ «Else Hagen, Norsk Forening For Grafisk Kunst, Mor og barn – Nasjonalmuseet – Samlingen». Nasjonalmuseet (på norsk bokmål). Henta 24. august 2023.
- ↑ «Hagen, Else - Autoritet». Grev Wedels Plass Auksjoner (på norsk bokmål). Henta 24. august 2023.
- ↑ «Hagen,Else,Pike i interiør,118x90cm». SKMU - Sørlandets Kunstmuseum (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 22. august 2023. Henta 24. august 2023.
- ↑ «Hagen, Else - Rollene utdelt». Grev Wedels Plass Auksjoner (på norsk bokmål). Henta 24. august 2023.
- ↑ Her blir måleriet vist i farger
- Denne artikkelen bygger på «Else Hagen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2024.