Hopp til innhald

Eviny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eviny

Org.formAksjeselskap
Org.nr.880309102
Skipa17. november 1998
EigarStatkraft Industrial Holding, Bergen kommune, Øygarden kommune, Alver kommune, Askøy kommune, Sunnfjord kommune, Kvinnherad kommune, Kvam herad, Voss herad, Fjaler kommune, Austrheim kommune, Hyllestad kommune, Vaksdal kommune, Gulen kommune, Solund kommune, Høyanger kommune, Fedje kommune, Masfjorden kommune
DotterselskapBKK Nett
Eigenandel iSunnhordland Kraftlag[1]
HovudkontorBergen
LandNoreg
Adm.dir.Kristine Aadland (2023)
Nettstadhttps://www.eviny.no/

Eviny (tidlegare BKK; Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlagetVestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. Eviny hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.

Eviny vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga Eviny gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.

Eviny har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.

Samnangervassdraget

[endre | endre wikiteksten]

I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av Eviny i 1996).

Bergsdalsvassdraget

[endre | endre wikiteksten]

I Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.

Matre- og Haugsdalsvassdraget

[endre | endre wikiteksten]

I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

Eksingedals- og Teigdalsvassdraget

[endre | endre wikiteksten]

I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.

Modalsvassdraget

[endre | endre wikiteksten]

I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

Andre vassdrag

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der Eviny berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.

Samla årsproduksjon for Eviny var i 2005 6500 GWh.

Eviny er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]