Filomena Cautela
Filomena Cautela | |||
| |||
Fødd | 16. desember 1984 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lisboa | ||
Aktive år | 2000– | ||
Verka som | skodespelar, programleiar, filmskodespelar | ||
Prisar | Golden Globes |
Filomena José Dias Fernandes Cautela (fødd 16. desember 1984 i Lisboa)[1] er ein portugisisk programleiar og skodespelar. Cautela byrja sin skodespelarkarriere på teater i 2000, og fire år seinare debuterte ho som filmskodespelar. I 2005 vart ho programleiar for MTV Portugal og har sidan leia ei rekkje program og show på ulike portugisiske TV-kanalar. Ho var ein av fire programleiarar for Eurovision Song Contest 2018.[2][3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Cautela starta som teater- og filmskodespelar, men er i dag mest kjend som programleiar for ulike TV-program og show i Portugal. Ho har leia kveldsshowet 5 Para A Meia-Noite på ålmennkringkastaren RTP sidan 2015. Cautela har også vore programleiar for Festival da Canção, det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix, og var poengopplesar for Portugal i Eurovision Song Contest 2017.
I mai 2018 var Cautela programleiar for Eurovision Song Contest 2018 saman med Sílvia Alberto, Daniela Ruah og Catarina Furtado.[4]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]Fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]Kanal | År | Tittel[5] | Rolle | Merknadar |
---|---|---|---|---|
TVI | 2002–04 | Morangos com Açúcar | Carla Santos Silva | |
2003 | Ana e os Sete | Sandra | Hovudrolle | |
2004 | Inspector Max | Tilbakevendande rolle | ||
2005 | Mundo Meu | Sylvie | Gjesterolle | |
RTP1 | 2006 | Bocage | Ana Perpétua | |
MTV | 2005–06 | Seg sjølv | Programleiar og VJ | |
SIC | 2007 | Vingança | Érica | Hovudrolle |
2007 | Aqui Não Há Quem Viva | Ângela | Gjesterolle | |
TVI | 2008 | Casos da Vida | Marta | Hovudrolle – episode «Saldo Negativo» |
RTP1 | 2008 | Conta-me como Foi | Glória | Gjesterolle |
SIC | 2008 | Chiquititas | Antonieta | |
RTP2, RTP1 | 2009–2011, 2015– | 5 Para A Meia-Noite | Seg sjølv | Programleiar |
RTP1 | 2010 | Cidade Despida | Joana | Tilbakevendande rolle |
2010 | República | Marta | ||
RTP2 | 2011 | Fá-las Curtas | Seg sjølv | Programleiar |
RTP1 | 2012 | Depois do Adeus | Tilbakevendande rolle | |
RTP1, RTP2, RTP Play | 2012– | Dekning av ulike musikkfestivalar | Seg sjølv | Programleiar |
Globo Premium | 2008–2014 | Cá Estamos | Seg sjølv | Programleiar |
RTP2 | 2013–14 | Agora | Seg sjølv | Hovudrolle |
RTP2 | 2015 | Palcos Agora | Seg sjølv | Programleiar |
TVI | 2015–16 | Santa Bárbara | Maria Ana | Hovudrolle |
RTP1 | 2016 | Volta ao Mundo 2016: Passagem de Ano | Seg sjølv | Programleiar |
2016–17 | Ministério do Tempo | Mafalda Torres | Hovudrolle | |
TVI | 2017 | Inspetor Max | Gjesterolle | |
RTP1 | 2018 | Eurovision Song Contest 2018 | Seg sjølv | Programleiar |
2019 | Love Portugal | Seg sjølv | Programleiar | |
2019–2020 | Jogo de Todos os Jogos | Seg sjølv | Programleiar | |
2020 | Quem Quer Ser Milionario? Alta Pressão | Seg sjølv | Programleiar |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Filomena Cautela». IMDb. Henta 30. januar 2018.
- ↑ «Eurovision 2018: Who is Filomena Cautela? - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 17. januar 2018. Henta 30. januar 2018.
- ↑ «Who are Eurovision 2018 presenters Filomena Cautela, Sílvia Alberto, Daniela Ruah and Catarina Furtado?». The Sun (på engelsk). 10. januar 2018. Henta 30. januar 2018.
- ↑ «Here come the girls! Presenters of Eurovision 2018 revealed!». eurovision.tv. 8. januar 2018. Henta 30. januar 2018.
- ↑ «Filomena Cautela – filmography». IMDb. Henta 30. januar 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Filomena Cautela» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2022.