Hopp til innhald

Friggfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frigg (gassfelt))
Struktur frå Friggfeltet sett opp utanfor Norsk Oljemuseum i Stavanger

Frigg er eit naturgassfelt i Nordsjøen oppkalla etter gudinna Frigg. Feltet vert mykje omtala som Friggfeltet. Kong Olav V opna offisielt Friggfeltet for utvinning den 8. mai 1978. Gassfeltet vart stengd den 26. oktober 2004 etter utvinning i 27 år. Friggfeltet var det fyrste norske gassfeltet, og ligg 230 km nordvest for Stavanger.

Feltet er rekna å ha gjeve kring 200 milliardar 2004-kroner i inntekter.

Operatør for feltet var franske Elf Aquitaine, som gjekk inn i Total.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]