Hopp til innhald

Gan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gàn)
Gan
贛語/赣语, gan/gon ua)

«Gan» skrive med kinesisk skrift

Klassifisering sino-tibetansk
 sinititsk
  kinesisk
   gan–hakka
Talarar Ganfolk (hankinesarar)
Bruk
Område Sentrale og nordlege Jiangxi, austlege Hunan, delar av Fujian, Anhui og Hubei
Gantalande i alt 20 millionar (1984)[1]
Språkkodar
ISO 639-3 gan

Gan er ei gruppe kinesiske dialektar tala i større delar av nordre og sørvestre Kina. Måla er særleg typiske for Jiangxi-provinsen, og blir også kalla Jiangxi-dialekt. Ein finn også talarar nordvest i Fujian og i nokre delar av Anhui og Hubei.

Utbreiingsområdet til gan i Kina.
Kart over utbreiinga av sinittiske språk der gan er avmerkt i gult.

Klassifisering

[endre | endre wikiteksten]

Som mange andre språk i Kina har gan vore rekna som ein dialekt av kinesisk av forskarar og styresmakter der. Det har same skriftspråk som mandarin, men talarar av dei to måla vil ikkje forstå kvarandre. Språkforskarar klassifiserer gjerne gan som eit eige språk, eller eit språk i lag med hakka, «gan-hakka».

Tonane i gan.

Gan er eit tonespråk som har fem tonar, i tillegg til to tonar som er like to andre men som endar med konsonantlyden /t/ eller /k/.

norsk gan[2] IPA mandarin (pinyin, IPA)[3]
eg ŋo wǒ, uɔ˨˩˦
du ni˨˩˦
me 我俚 ŋo li wǒmen, uɔ˨˩mən
de 汝俚 n̩ li nǐmen, ni˨˩mən (uformelt)
nínmen nɪn˧˥mən (formelt)
ein it yī, ji˥˥
to o èr, aɻ˥˩
liǎng liaŋ˨˩˦
tre san sān, san˥˥
fire sɿ sì, sɨ˥˩
fem ŋ̍ wǔ, wu˨˩˦
dyr 頭牲 tʰɛu saŋ dòngwù, tʊŋ˥˩wu˥˩
fisk ɳiɛ yú, y˧˥
fugl 雀子 ʨʰiok ʦɿ niǎo, niau˨˩˦
tre su shù, ʂu˥˩
blome fa huā, xua˥˥
vatn sui shuǐ, ʂuei˨˩˦
å gå 行, 走 haŋ, ʦɛu zǒu, tsou˨˩˦
å symja 頑水 uan sui yóuyǒng, iou˧˥yʊŋ˨˩˦
å eta ʨʰiak chī, tʂʰɚ˥˥

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Wikipediagan

  1. Chinese, Gan ved ethnologue.com
  2. Etter Gan Swadesh list ved Wikitionary. Uttalen byggjer på Nanchang-uttale.
  3. Etter Mandarin Swadesh list ved Wikitionary.
Spire Denne språkartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.