Get the Picture?
Get the Picture? Studioalbum av The Pretty Things | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Studio | Philips Studios i London | |
Sjanger | Garasjerock, R&B | |
Lengd | 29:50 | |
Selskap | Fontana (Storbritannia) Philips (Australia) | |
Produsent | Bobby Graham, Glyn Johns | |
The Pretty Things-kronologi | ||
---|---|---|
The Pretty Things (1965) |
Get the Picture? | Emotions (1967)
|
Singlar frå Pretty Things | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Get the Picture? er det andre studioalbumet til den engelske rockegruppa The Pretty Things, gjeve ut i 1965.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Innspelinga av det andre albumet til The Pretty Things byrja kring september 1965, berre månader etter debutalbumet kom ut. Det enda opp med å bli ein nokså lemfeldig affære på grunn av aukande problem med trommeslagaren Viv Prince, som byrja å oppføre seg stadig meir eksentrisk og omsynslaus. Produsenten deire Bobby Graham, som var ein dugande trommeslagar, spelte derfor på fleire av songane. John Stax delte leilegheit med John C. Alder som var med på minst to spor, det eine var «You'll Never Do It Baby». Jimmy Page var òg med på eit par av songane, og var òg oppført som medlåtskrivar på «You Don't Believe Me». Bandet byrja å gå litt bort frå R&B-stilen som dominerte debutalbumet og utforska meir soulprega retningar, i tillegg til freakbeat med mykje forvrengd gitar og bass.
Albumet vart spelt inn på tre spor i Philips Studios i London og vart berre miksa i mono. Då albumet kom ut hadde Viv Prince fått sparken frå bandet. Dei stod då utan trommeslagar, medan dei leita etter ein erstattar.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Don't Believe Me» | Phil May, Bobby Graham, Jimmy Page, Willie Morrell | 2:24 |
2. | «Buzz the Jerk» | May, Dick Taylor | 1:55 |
3. | «Get the Picture?» | May, Taylor | 1:56 |
4. | «Can't Stand the Pain» | May, Taylor, Graham | 2:42 |
5. | «Rainin' in My Heart» | James Moore, Jerry West | 2:33 |
6. | «We'll Play House» | May, Taylor | 2:34 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «You'll Never Do It, Baby» | Brian Smith, Terry Fox | 2:29 |
8. | «I Had a Dream» | Jimmy Witherspoon | 2:59 |
9. | «I Want Your Love» | Johnnie Dee, Johnny Tarr | 2:18 |
10. | «London Town» | Tim Hardin | 2:28 |
11. | «Cry to Me» | Bert Russell | 2:53 |
12. | «Gonna Find Me a Substitute» | Ike Turner | 2:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
13. | «Get a Buzz» | May, Taylor, Brian Pendleton, John Stax, Skip Alan | 4:02 |
14. | «Sittin' All Alone» | May, Taylor | 2:49 |
15. | «Midnight to Six Man» | Taylor, May | 2:21 |
16. | «Me Needing You» | May, Taylor | 1:58 |
17. | «Come See Me» | Pierre Tubbs, J.J. Jackson, Sidney Barnes | 2:41 |
18. | «L.S.D.» | May, Taylor | 2:27 |
19. | «Multimedia Bonus Track - The Pretty Things 1966 movie» |
«Midnight To Six Man», «Me Needing You», «Come See Me» og «L.S.D.» var produserte av Glyn Johns.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Phil May – vokal
- Dick Taylor – sologitar
- Brian Pendleton – rytmegitar, korvokal
- John Stax – bass, korvokal
- Viv Prince – trommer (på somme spor)
- Bobby Graham – trommer (på somme spor)
- Twink – trommer (på to spor)
På bonusspora var besetninga May, Taylor, Pendleton, Stax og Skip Alan på trommer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Get the Picture? (The Pretty Things album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: