Gunn
Utsjånad
(Omdirigert frå Gun)
Gunn er eit kvinnenamn, av norrønt Gunnr, 'strid'. Det kan også vera eit engelsk etternamn. Gunn har i Noreg namnedag den 9. januar. Skrivemåten Gun har namnedag i Sverige den 1. juni.
I norrøn tid var Gunnr namnet på ei valkyrje.
Ein finn Gunn som del av mange andre namn, som Gunvor, Gunnveig, Gunhilde, Hildegunn og Solgunn.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Gunn var lite bruka før andre verdskrigen, men populariteten fekk eit veldig oppsving på 1940- og -50-talet og nådde eit høgdepunkt litt før 1960.
- I folketeljinga frå 1801 var det 7 som hadde namnet, i forma Gun , Gund eller Gunn. Dei fleste budde i Hedmark og Buskerud.
- I 1900 var 29 listeførte med namnet Gun, Gund, Gundd, Gundh, Gunh eller Gunn.
- I 2008 har 9 321 meninnern Gunn til første fornamn
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Gunn Wållgren (1913-1983), svensk skodespelar
- Gun Hellsvik (f. 1942), svensk politikar
- Gunn Imsen (f. 1946), norsk lærebokforfattar og pedagogikkprofessor
- Gunn Olsen (f. 1952), norsk politikar (Ap)
- Gunn Berit Lunde Aarvik (f. 1954), ordførar på Voss (Ap)
- Gunn Berit Gjerde (f. 1954), norsk politikar (V)
- Gunn Wærsted (f. 1955), norsk bankdirektør
- Gunn-Elin Aa. Bjørneboe (f. 1956), norsk medisinprofessor
- Gunn Harbitz (f. 1958), norsk kunstnar
- Gunn Marit Helgesen (f. 1958), fylkesordførar i Telemark
- Gunn Marit Nilsen (f. 1964), ordførar i Båtsfjord (H)
- Gunn-Vivian Eide (f. 1964), norsk politikar (V)
- Gunn Karin Gjul (f. 1967), norsk politikar (Ap)
- Gunn-Britt Retter (f. 1971), norsk sametingspolitikar
- Gunn-Rita Dahle Flesjå (f. 1973), norsk terrengsyklist
- Gunn Margit Aas Andreassen (f. 1973), norsk skiskyttar
- Gunn Mogseth (f. 1976), norsk skodespelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Gunn hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet