Hålogaland teater
Hålogaland Teater er eit regionteater for Nord-Noreg. Teateret vart etablert i 1971 som det første regionteateret i Noreg og det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg. Det starta verksemda si 15. august 1971.
Læraren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Lars Berg kjempa heile livet sitt for eit nordnorsk teater. Nordnorsk mål på nordnorsk scene var Lars Bergs kongstanke – det skulle vise seg at pionergruppa som tok fatt på oppgåva i 1971 ikkje slo igjennom hos det nordnorske publikumet før dei tok nordnorsk dialekt i bruk på scena. Sida har nordnorsk prega alle teateret framsyningane sine fram til i dag.
Opphavleg hadde ein teateroppsettingar i heile Nord-Noreg, men etter starten av Nordland Teater fokuserer teateret hovudsakleg på oppsettingar i Troms og Finnmark. Hovudsetet ligg i Tromsø, der Hålogaland Teater tok i bruk sitt eige teaterbygg den 4. november 2005. Teateret hadde per 21. februar 2006 over 50 tilsette.
Teatersjefar
[endre | endre wikiteksten]- 1971-1985: Kollektiv leiing, styrt gjennom allmøte
- 1986-1989: Bernhard Ramstad
- 1989-1990: Svenn B. Syrin og Arvid Esperø
- 1990-1992: Arvid Esperø og John Sigurd Kristensen
- 1992-1996: John Sigurd Kristensen
- 1997-2000: Haukur J. Gunnarsson
- 2001-2008: Nils Johnson
- 2009-2012: Iren Reppen
- 2013- : Nina Wester
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Omsett frå Wikipedia på bokmål 29.10.07