Hanne Hogness
Hanne Hogness | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. februar 1967 (57 år) Trondheim |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 167 centimeter |
Hanne Hogness (fødd 16. februar 1967) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Kantspelaren vann OL-sølv både i 1988 og 1992, samt VM-bronse i 1986.
Hogness spelte handball både på Sverresborg Idrettsforening, Ås Idrettslag og Toten Håndballklubb. Ho fekk sin landslagsdebut i august 1986, men spelte einast opningskampen i VM 1986, meisterskapen då Noreg tok steget opp i verdseliten i handball med ein bronsemedalje. Frå 1988 var ho jamnt over den føretrekte spelaren på høgrekanten i det norske landslaget. Hausten 1988 bidrog ho mykje til norsk OL-sølv under sommarleikane i Seoul, ein prestasjon ho og landslaget gjentok då Sommar-OL 1992 fann stad i Barcelona. Hogness deltok i 186 landskampar og skåra 378 mål for Noreg, dei siste i 1994.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland
- OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea
- VM 1990: Nr 6 med Noreg
- OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1967
- Norske handballspelarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Norske deltakarar under sommar-OL 1988
- Handballspelarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Norske deltakarar under sommar-OL 1992
- Handballspelarar under sommar-OL 1992
- Folk frå Trondheim