Harald Rønneberg
Utsjånad
Harald Rønneberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1973 (51 år) Oslo |
Yrke | programleiar, humorist, diplomøkonom |
Prisar | Komiprisen, Dialektprisen, Solprisen, Gullrutens hederspris, Gullruten for beste programleder, Gullrutens publikumspris |
Harald Rønneberg på Commons |
Harald Johnstein Rønneberg (fødd 11. august 1973) er ein norsk programleiar som er mest kjend frå fjernsynsprogrammet Senkveld med Thomas og Harald på TV 2.[1] Rønneberg var å sjå på fjernsyn for første gong i januar 2003 då han saman med Thomas Numme leia første sesong av songkonkurransen Idol. Hausten same år fekk han, saman med makkeren sin Thomas Numme, oppgåva med å leie TV 2 sitt nye fredagsprogram, Senkveld. Dei to leia programmet fram til 2018.[1]
Rønneberg har vunne Gullruten fem gongar, mellom anna for beste mannlege programleiar i 2006 og publikumsprisen i 2004.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Smith-Meyer, Trond; Holen, Øyvind (15. april 2020). «Harald Rønneberg». Store norske leksikon (på norsk).