Hurghada
Hurghada, الغردقة | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Guvernement |
Egypt Al-Bahr al-Ahmar |
Geografi | |
Innbyggjarar[1] - By (2006) |
160,746 |
Koordinatar | 27°15′28″N 33°48′42″E / 27.25778°N 33.81167°E |
Høgd over havet | 11 m |
Tidssone | +2 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.hurghada.com |
Hurghada (arabisk الغردقة, El Ġardaqa) er ein by i Egypt. Byen ligg på vestkysten av Raudehavet og er hovudstaden i guvernementet Al-Bahr al-Ahmar. Hurghada lever hovudsakleg av turisme.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei store turistattraksjonane i byen er strendene langs Raudehavet og korallreva. Her finst også gode høve til snorkling og dykking. Ikkje langt frå Hurghada-kysten ligg det fleire koralløyar. Nord, aust og sør for byen er det hovudsakleg ørken, og byen har då også eit varmt ørkenklima.
I Hurghada finst det i dag ei rekkje hotell, og hotella eig størsteparten av strendene langs kysten. I tillegg finst her kjøpesenter, basargater og internasjonal flyplass. Byen har vegsamband nordover mot Kairo og Suez og sørover mot grensa til Sudan. Ferjesamband mellom Hurghada og Sharm el-Sheikh,[1] samt mellom Hurghada og Sinaihalvøya.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Hurghada» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Touregypt.net om egyptiske ferjesamband
- ↑ Hurghada.com/info (engelsk), arkivert frå originalen 13. april 2012, henta 27. april 2012