Hopp til innhald

Idrettsklubben Våg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idrettsklubben Våg er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Vågsbygd i Kristiansand, stifta 12. januar 1938. Laget er aktivt med i fotball, friidrett og handball, tidlegare hadde laget også ei badmintongruppe.

IK Våg er i dag mest kjend for sitt topplag i kvinnehandball, til dagleg kjend som Vipers Kristiansand. Laget har også hatt fleire medlemer som har hevda seg i toppen av norsk friidrett, mellom dei tresteghoppparen Birger Søyland, mellomdistanseløparen Kirsti Voldnes og mangekjemparen Ida Marcussen.

Den 20. september 2024 blei Vipers Kristiansand slått konkurs.[1][2]

  1. Skifjeld, Anne (20. oktober 2024). «Slutt for Vipers: – Har ikke nok midler til å drive videre». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. oktober 2024. 
  2. Borg, Anja; Gustavsen, Johannes (20. oktober 2024). «Vipers Kristiansand blir slått konkurs». TV2.no (på norsk bokmål). Henta 20. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]